Hopp til hovudinnhald

Filosofisk flis i fingeren – er sløyd filosofi?

Foredrag

Foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
02. okt. 2025
19.00
  • Otto Salomon på sløydsalen sammen med elever
    Frå August Abrahamson og Otto Salomon sin sløydlærarskule på Nääs i Sverige, ca 1900.

"I stedet for å binde barnet til bøkene lar jeg han holde på i verkstedet, hans henders arbeid gavner hans sinn, han blir en filosof, men tror han kun er en håndtverker (…) utdannelsens store hemmelighet er å la øvelsene for kropp og sinn avløse hverandre." Jean-Jacques Rousseau, ca 1800.

Foredraget ‘Filosofisk flis i fingeren – er sløyd filosofi?’ vart skrive i 2010 av ingeniør og sløydentusiast Knud Lunde (f. 1958) og partneren Barbara Bauer som hadde studert litteratur, filosofi og pedagogikk. No kjem Lunde til Valdres for å fortelja om korleis arbeid med hendene påverkar sinnet.

Lunde fortel om kva filosofien og sløyden har til felles, om sløyd som danningsfag og korleis den svenske sløydpegagoen Otto Salomon (biletet) meinte målet med sløyden var å fostre sinn og kropp, der problemløysing og disiplin i utføringa var sentrale element. Slik inspirerte Salomon truleg ein av pedagogikkens moderne kjempar, den amerikanske filosofen John Dewey.

TID: Torsdag 2. oktober 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
ARR: Valdresmusea
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26 år)

Om Knud Lunde

Knud Lunde er pensjonert ingeniør med fagfelt industriell aerodynamikk, og har gjennom heile yrkeslivet arbeidd med forsking og i petroleumsindustrien. Trearbeid (frå modellfly til møbelsnekring) har vore hobbyen hans i over femti år. I dei siste 25 åra har han halde diverse kurs og demonstrert bruk og oppsetting av handverktøy som til dømes høvlar. Lunde har òg skrive eit hefte om skjerping og bruk av sikling, sjå her. Over tid har gleda ved trearbeid og kjensla av dette som ‘mentalhygiene’ utvikla seg til ei interesse for korleis arbeid med hendene påverkar sinnet. 

"Dannelse er det som er igjen etter vi har glemt det vi lærte på skolen." Otto Salomon, ca. 1900

"Vi har et håndlagd sinn." Frank R. Wilson, ca. 2000

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2