Jump to maincontent

Er bunaden for alle?

Velkomen til foredrag med leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing. Ho fortel om arbeidet med boka «Dressing with purpose», der ho skriv om haldningar til hovudplagg til bunaden i eit fleirkulturelt samfunn. 

Kvifor er hovudplagget så symboltungt? Kvifor reagera vi så sterkt på kombinasjonen bunad og hijab? Kan bunaden være ein inkluderande faktor i samfunnet, eller er det ein måte å ekskludere folk som er annleis på? Ho vil også drøfte kva rolle instituttet har og bør ha i dagens samfunn – og publikum er velkomne til å stille spørsmål til slutt.

TID: Onsdag 15. mars kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)​
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

  • 1/1
    Camilla Rossing, leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Foto: Laila Duran