Hopp til hovudinnhald

El-arbeid i gamle hus

Dagskurs på Valdres Folkemuseum

KURSINNHALD

22. november ynskjer me velkomne til Valdres Folkemuseum for at de skal få ei innføring i dette faget som også kan vera eit antikvarisk handverk!

  • Me kjem inn på dagens lovverk, kva kan me gjera, og kva skal me absolutt ikkje gjera.
  • Det antikvariske el. arbeidet sett frå ein utøvande elektrikar.
  • Den spede starten, ved ein som var med på den og som har god kunnskap om dei fyrste kraftverka på bygdene.
  • Den framtidige elektriker, utdanninga i faget.
  • Kva finns på marknaden av utstyr som er godkjent, og som har noko av det gamle i seg.
  • Før og etter at jobben er gjort; er det miljøskadelege stoffar i det me held på med?

Mange spanande tema som bør kunne leie til nyttige samtalar og kanskje diskusjonar?

Meld deg på til Odd.Arne.Rudi@valdres@museum.no innan 12.november

TID: 22. november 2021 kl. 10.00-15.00

STAD: Valdres Folkemuseum

PRIS: Kr 900 (rabattpris kr 800 for medlemmer av Verne-Vøla/ Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea). Prisen inkluderar lunsj. Bes betalt til konto nr. 2070 05 01524

PÅMELDINGSFRIST: 15. november 2021

ARRANGØR: Valdresmusea

OM GAMLE EL-ANLEGG

"Du har kanskje nettopp kjøpt drømmehuset. Et vakkert gammelt hus med mange flotte original-detaljer. Dørhåndtak, listverk, gulv med patina, opprinnelige vinduer. Selvfølgelig skal dette bevares. Men hva med de gamle rare ledningene som snor seg rundt små porselensknotter oppunder taket? Eller den tykke aluminiumsbelagte ledningen som ender opp i en gammel bakelittbryter? Den må vel byttes ut snarest… eller?" Sitat frå artikkel i Bygg og bevar i april 2019. Les heile artikkelen her.

Spørsmål og påmelding

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.

    Museum24:Portal - 2024.04.15
    Grunnstilsett-versjon: 1