Hopp til hovudinnhald

Draumen om småbruk

Kvart år blir det registrert nesten 600 000 søk med ordet "småbruk" på Finn.no. Mange drøymer om det idylliske livet på landet, men for mange blir det med draumen. Trass i denne aukande interessa, ser vi at 2–3 gardsbruk blir lagt ned kvar dag. Kvifor er det ikkje fleire som tar steget og flytter ut på bygda? Bli med på ein ekstraordinær reise frå byen til den falleferdige garden på bygda - ei reise om å trasse alle odds med to tomme hender, kampen mot elementa i eit telt i ein falleferdig låve gjennom ein kald vinter, utan straum eller vatn. Det er ei reise om å møte utfordringar, finne kjærleiken, stifte familie og bygge ei framtid for kommande generasjonar. Kva er det vi verkeleg lengtar etter når vi draumar om 'livet på landet'? Og kva krevst for å gjere draumen verkeleg? 

Velkomen til eit inspirerande foredrag ved Tor-Evert Grøndal. Han gir oss eit djupare innblikk i den personlege reisa si frå by til bygd, langt meir intimt enn kva vi fekk sjå i dei fire episodane av TV-programmet "Der ingen skulle tru...". Etter foredraget vil det være mogleg å kjøpe ein signert utgåva av boka som blir lansert denne dagen.

TID: Torsdag 7. desember 2023 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea og Fortidsminneforeningen i Oppland

  • 1/5
  • 2/5
  • 3/5
  • 4/5
  • 5/5
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1