Dokkestogo: Eit livsverk

  • CIMG2063.JPG

Dokkesamlinga på Valdres Folkemuseum

Dokkesamlinga på museet består av rundt åtti bunaddokker. Dette må ein kunne seie er livsverket etter gardkjerringa Tordis Røyne (1926–2006) frå  Vestre Slidre. 

Røyne lagde gjennom livet rundt to hundre dokker. Ho støypte ansikta, lagde parykkar som ofte var av ekte hår og kledde opp dokkene i miniatyrbunadar frå heile landet som ho kledde dokkene opp i. Med seg hadde ho mange gode hjelparar. Grete Rudi Bråten, Gunhild Nørsterud og Berit Vidme hjalp til med søm. Mannen hennar, Rolf Tidemann Røyne, og seinare Johannes Grøthe, laga skoa. Sylvsmed Inger Norun Solhaug lagde det meste av bunadsølvet og utforma dokkebriller av klokkeglas med sølvinnfatning. Miniatyrlangeleikar og anna smått utstyr av tre er også ein del av samlinga. 

Røyne stilte ut bunaddokkene på utstillingar til Japan, USA, Spania, Frankrike, Polen og Latvia, og i 1989 fekk dei fyrsteprisen på ei utstilling i Polen. Etter Røynes død har dei vore stilt ut på Valdres Folkemuseum.