Hopp til hovedinnhold

Den nynorske songskatten

Velkomen til foredrag om den nynorske songtradisjonen. I samband med Bokåret 2019 kjem Terje Aarset frå Nynorsk kultursentrum for å fortelja om den nynorske songskatten. Han inviterer også publikum til å bli med og synge, og Sigrun Bjørgo trakterer flygelet. Gyda Grøndalen Hoffman leier allsongen og syng solo.

TID: ​Torsdag 26. september 2019 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea, Nord-Aurdal Mållag og Nynorsk kultursentrum
ETE OG DRIKKE? Munkekroen er open i forkant

Nynorsken vart sungen inn i folks hjarte

Ivar Aasen såg kor viktig det var at nynorsken vart eit bruksspråk for folk flest. Noko av det fyrste han laga, var difor nynorske songar som folk kunne lære seg utanåt. «Mellom bakkar og berg» er stadig ein av dei mest kjende og folkekjære songane i Noreg.

Terje Aarset, professor i norsk språk ved Høgskulen i Volda, har skrive boka Den nynorske songskatten. I samband med at vi feirar 500-årsjubileet for boka i Noreg, er det naturleg å dra fram songbøkene. Dei har gjort sitt til at songar som «Blåmann», «Fagert er landet», «Den fyrste song», «Mellom bakkar og berg», «Det lyser i stille grender» og «Å Vestland, Vestland» stadig lever i medvitet vårt. 

Lesarane av vekeavisa Dag og Tid kåra Den nynorske songskatten til Årets nynorskbok for 2009. 



Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1