Dei antikvariske bygningane

AMN_loftHove_6.jpg

140 HUS OG ANLEGG

Valdresmuseas avdelingar forvaltar rundt 140 antikvariske hus og anlegg på tre ulike museer. Høveloftet på Valdres Folkemuseum er eldst, truleg frå omkring år 1300. Dei fleste husa er frå 1700- og 1800-talet.

Valdresmusea forvaltar over 140 hus og anlegg frå heile Valdres. Desse representerer eit stort spenn i byggjeskikkhistoria vår. Før-industrielle tømmerhus frå 17- og 1800-talet utgjer størstedelen av samlinga.

Form og detaljar fortel om sterke lokale handverkstradisjonar, men syner også slektskap til internasjonale stilimpulsar. Desse impulsane kjem fyrst og fremst til uttrykk som detaljer i panel, listverk, berebjelkar, dekorasjonsmåling og glas.

Informasjon om bygningane på nettet

Målet er at dei antikvariske husa skal bli digitalt tilgjengelege for alle interesserte, uavhengig av tid og stad. Så langt er husa på Valdres Folkemuseum registrert og gjort tilgjengelege via Digialt Museum.

Søk i DigitaltMuseum


fc2012082403.JPG

HANDVERKET

Form og detaljar fortel om sterke lokale handverkstradisjonar, men syner også slektskap til internasjonale stilimpulsar. Desse impulsane kjem fyrst og fremst til uttrykk som detaljer i panel, listverk, berebjelkar, dekorasjonsmåling og glas. Fleire av dei antikvariske husa er blitt sett i stand på kurs i regi av Valdresmusea. 

Artiklar