GRATIS INNGANG: Fredag 5. august tilbyr Valdres Folkemuseum gratis inngang for alle som kjem fyrst på dagen. Kl. 11.00 er det nemlig danseoppvisning med dei amerikanske Decorah Nordic Dancers og våre eigne folkemusikarar og dansarar. Velkomen! Biletet er take i 2016, då dansegruppa frå Decorah sist vitja Valdres.
STAD: Amfiscena, Valdres Folkemuseum
TID: Fredag 5. august kl. 11:00.
Om dansegruppa
Decorah Nordic Dancers vart etablert i 1966, og dansane dei syner fram vart i si tid laga for å hjelpe folk "til å hugse kulturen og tradisjonane frå Skandinavia". Ungdommane som no er på Noregsturné er 17-18 år gamle og har dansa saman i sju-åtte år.