Hopp til hovudinnhald

Busstur til Gammelvala i Sverige

Gammelvala.se

Vennelaget for Valdres Folkemuseum satsar spenstig med dagstur til Brunskog Hembygdsforening i Sverige! 

35 000 besøker dette vekelange arrangementet kvart år. Her kan ein sjå eit førtitals gamle yrke og handverk og smake ulike matspesialitetar frå "den gamle verda". Det er forfriskande med svensk kultur. Gled dykk til å bruke alle sansar og la inntil vidare Lønneberget og livet med Emil koma fram som assosiasjon. Kjøp sockervatn utan å få ein øyrefik, by under auksjonen, men la Halte-Lotta og Griseknoen bli. Spara också Emil sina «hyss», men historier og liv på bussen kan de gjerne øle opp til. 

Les meir her: gammelvala.se, videoar på YouTube, og brunskogshembygdsgard.se

TID: Sundag 23. juli 2023.

STAD: Brunskog Hembygdsforening i Sverige

PRIS: Inngang Svkr. 120 samt mat undervegs dekkar deltakarane sjølve. Vennelaget legg ut for bussreisa for alle vennelagsmedlemer. Andre betaler kr 1000. Eller du melder deg inn i laget, dette koster berre kr. 200. (Vennelagsmedlemskap gir gratis inngang på vennelagets eigne arrangement, til dømes ca 6 foredrag i året)

OM BUSSTUREN: Avreise frå Valdres Folkemuseum kl. 07.00. Turen tek 5 timar kvar veg. 

MÅLGRUPPE: Både vennelagsmedlemmer og andre interesserte

KONTAKTINFO OG PÅMELDING: til tlf. 97176868 (Oddrun) eller 911 58 656 (Kristin). Ingen frist, men "først til mølla". 

ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2