Hopp til hovudinnhald

Bunadshistorie

Digitalt arrangement

Velkomen til digital kveld der tema er pionerane i bunadhistoria, både dei som fyrst byrja bruke bunad og dei store førebileta. Gjennom heile 1900-talet reiste kvinner land og strand rundt for å dokumentere og utforske tradisjonell draktskikk. I tillegg til kjente førebilete som Hulda Garborg og Aagot Noss, møter vi også kongelege førebilete i bunad, som dronning Maud og dronning Sonja. 

TID: Onsdag 12. mai 2021 kl. 19.00
ARR: Valdresmusea og Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF)
Digitalt arrangement
Gratis
Lenke til arrangementet vil bli lagt ut her og på facebook

Foto: Solveig Lund/Norsk Folkemuseum. Fotoredigering: Snøhetta.

Vil du besøke dei nye utstillingane i Valdres?

23. april opnar nye basisutstillingar ved Valdres Folkemuseum på Fagernes. «Rotasjon» rommar heile tre utstillingar: ei temporær utstilling, ei utstilling av drakter og gjenstandar frå Norsk institutt for bunad og folkedrakt, og ei utstilling med gjenstandar frå samlingane til Valdres Folkemuseum.

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har sidan 1947 drive eit nasjonalt dokumentasjonsarbeid på bunad og folkedrakt. Utstillinga fortel historia om pionerane i bunadhistoria, både dei som fyrst byrja bruke bunad og dei store førebileta. I utstillinga blir også beltestakken til H.M. Dronning Sonja stilt ut.

 «Rotasjon» er òg ein hyllast til handverkaren og alt det vakre han har skapt. «Rotasjon» rommar derfor gjenstandar frå den rike samlinga til Valdres Folkemuseum, og innlån frå andre institusjonar og private eigarar. Her får de sjå utviklinga i folkekunsten i Valdres gjennom tusen år – frå mellomalderske kyrkjebenkar til 1700-talsklede og vakre musikkinstrument. Utstillinga viser korleis lokal kultur står i spennet mellom det heimlege og impulsane utanfrå. I sentrum ¬finn vi handverkaren – han som roterer rundt sin eigen tradisjon – og som leikent sveiper med seg det han finn på vegen.

Det er det anerkjente arkitektkontoret Snøhetta som har designa utstillingane, og dei er finansierte med støtte frå Kulturdepartementet, Innlandet fylkeskommune, Stiftelsen Aunebu kunstsenter, Fritt Ord, Norsk kulturråd og UNI Stiftelsen.  

Den offisielle opninga fredag 23. april 2021 er for eit avgrensa antal inviterte, og utstillingane er ope for alle frå 24. april. Valdres Folkemuseum held ope alle dagar unntatt måndagar etter opninga.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1