Hopp til hovudinnhald

Budeiene – døtrer av naturen
Om budeieliv frå 1850 til i dag

Foredrag

Foredrag om budeieliv frå 1850 til i dag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
06. mars 2025
19.00
Kjøp billett
  • Sju budeier med mjølkespann på kjerrer
    Budeiebilete frå Øystre Slidre, utlånt av Kolbein Dahle. Ola K. Dahle

Budeiene har endeleg fått si eiga bok og stølskulturen er på Unesco si liste over verdas kulturarv

Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka, der dei passa på dyra, mjølka og laga stølsprodukt. Hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei.

Den gjestmilde budeia var ein trygg base og ho fekk folk til fjells. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske.

Stølslivet er og har vore mangfaldig. Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener. Inger Marie Vingdal har samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Velkomen til foredrag på Valdres Folkemuseum.

TID: Torsdag 6. mars 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for dei med årskort til Valdresmusea)
Kr 50 for dei under 26 år
ARR
: Valdresmusea

Etter foredraget kan du få kjøpt signert bok.

Om forfattaren

Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er frå Øystre Slidre, ho er oppvaksen med støl og fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.

  • Budeie som smiler i seterlandskap med flere kyr bak seg
    1/2
  • 2/2
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2