Hopp til hovudinnhald

Brøtningsdammar

NB! Arrangementet har funne stad

Boklansering og foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
12. juni 2025
18.00

Ny bok er på marknaden! Torodd Lybeck har skrive boka om brøtningsdammane i Drammensvassdraget, og boka er utgitt av Kvitvella Forlag. 150 dammar er med i boka, og ikkje minst ei interessant innføring i kva brøtning er, og kva brøtning og fløyting hadde å seia for trelasthandelen på 1700-, 1800- og 1900-talet.

Velkomen til foredrag og boklansering på museet.

TID: 12. juni kl 18.00
STAD: Valdres Folkemuseum
ARR: Nord-Aurdal mållag

Elles blir det kaffi og kringle, og høve til å kjøpe bok. Boka å få kjøpt i Fagernes bokhandel og på Valdres Folkemuseum, og sjølvsagt på kvitvella.no. Etter kvart blir ho distribuert til fleire bokhandlar langs Drammensvassdraget.

Om prosjektet

Torodd skal fortelja om boka og vise bilde av nokre av dei 150 dammane han har besøkt og fotografert. Det er eit stort arbeid Torodd Lybeck no har fullført. Gjennom fire–fem år har han teke for seg om lag 150 gamle brøtningsdammar i elver og vassdrag som fører vatn gjennom Randsfjorden, Sperillen og Krøderen, sideelver som møtest i Tyrifjorden ved starten på Drammenselva, og sideelver ned til Skotselv i Øvre Eiker. Boka inneheld bilde av kvar einaste dam, og mykje informasjon, både om dammane, korleis dei vart bygde, og kva funksjon dei hadde når ein skulle frakte tømmer i mindre elver fram til dei store vassdraga.

Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2