Brann
- Samlingsplass er på parkeringsplassen ovanfor Velkomstbygget.
- Brannpanelet er lokalisert ved inngangsdøra i Administrasjonsbygget.
- Om brannalarmen blir utløyst, får 110-sentralen automatisk varsel.
Ladere og stikkontakter
- Sistemann på huset tek ut stikkontakter for tekoker og kaffetrakter.
- Ta ut støpselet til strykejernet straks du er ferdig å stryke skjorta.
- Ta ut mobil-ladarar når du går for dagen.
Røyking
- Er berre tillatt utanfor museumsområdet eller på terrassen utanfor kafeen.
- Ser du publikum som røyker, må du gi høfleg beskjed om røykeforbodet.
Førstehjelp
- Førstehjelpskoffert står i administrasjonsbygget og på mekanisk verksted.
- Mindre fyrstehjelpsskrin/medisinskåp er plassert i/på:
- Museumsbutikken (under disken)
- Administrasjonsbygget (kjøkkenet)
- Norsk institutt for bunad og folkedrakt (toalettet)
- Folkemusikkhuset (gangen)
- Slidrehuset (kjøkkenet)
- Jonshegge (verkstaden)
- Nystøga (kjøkkenet)
- Munkekroen (kjøkkenet)
- Meld frå ved bruk av fyrstehjelpsutstyr (for etterfylling).
- Hjertestartar er plassert i glassgangen utanfor dei faste utstillingane.
Avfall
- Restavfall skal kastast i containeren ved garasjen.
- Papp skal brettast og leggast i avfallsrommet.
- Glass skal sorterast utan anna avfall innblanda.
- Retur-plast skal kastast i eigne plast-retursekker.