Hopp til hovudinnhald

Tause steinar - levande historier

Boklansering

NB! Arrangementet har funne stad

Boklansering

Slidrehuset Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
03. nov. 2026
19.00

No er steinboka her! I Tause steinar – levande historier har Kirsten Inga Kamrud omtala 183 steinar i Valdres og deira historie. 3. november kl. 19.00 blir det boklansering i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum, Fagernes. Der skal Kirsten Inga Kamrud og Kvitvella Forlag presentere boka, og det blir kaffi og noko attåt. Alle er velkomne!

Mange steinar har spelt ei rolle i kvardagslivet til folk. Nokre har berre vore ein kvilestein, medan andre har spennande segner og hendingar knytte til seg. I boka møter me på både Heilag-Olav og Gribbemannen, her er det kløvsteinar og budeiesteinar, spelemannssteinar og steinar knytte til død, det er lyftesteinar og syngjarsteinar, og her er Hulabaksteinen og Noahs ark og Filletåmås-kjørkja. Boka gir med andre ord eit breitt bilete av kvardagsliv, samkomer, folketru og ferdsel i eldre tid.

TID: Tysdag 3. november 2026, kl.19
STAD: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
ARR: Nord-Aurdal Mållag og Kvitvella Forlag