- 1/1
Onsdag 2. desember presenterer Bjørn Bandlien boka «Valdres i eldre tid – jern, kyrkje og makt» på Vang folkebibliotek. Presentasjonen er del av eit arrangement der også årets positive vangsgjelding skal kårast. Boka er initiert av Valdresmusea og kom ut på Museumsforlaget tidlegare i år. Boka er eit praktverk om Valdres i eldre tid og er skrive av dei fremste forskarane i landet: Bjørn Bandlien, Jan Brendalsmo, Nina Hildre, Jan Henning Larsen, Kjetil Loftsgarden, Lars Pilø og Marie Ødegaard. På bokkvelden i Vang er det arkeolog Jan Henning Larsen og historikar Bjørn Bandlien som presenterer boka.
Gjennom eit spekter av ulike forskingsmetodar utforskar forfattarane Valdres i eldre tid, frå romartid til mellomalder og med særleg vekt på overgangen mellom yngre jernalder og mellomalder – ei religiøs, kulturell og politisk brytningstid. Boka skildrar møtet mellom heidendom og kristendom, norrøn herskarmakt og kristent sakralkongedømme, forhistorisk tid og historisk tid. Her skimtar ein òg møte mellom tradisjonell arkeologi og moderne teknologi.
TID: Onsdag 2. desember 2026, kl.19
STAD: Vang folkebibliotek
ARR: Vang folkebibliotek
Velkomen!