Hopp til hovudinnhald

Bli frivillig?

  • Hender og deig
    Lefsebakst på Valdres Folkemuseum Scanout

Dugnadsarbeid er gleda av å hjelpe andre – og å utvikle seg sjølv. Vil du vere med som frivillig ved Valdresmusea? Her er alle som vil bidra velkomne, uansett om du vil bidra litt eller mykje, er erfaren eller heilt fersk.

Vi ser etter deg som ser glede i å:

  • syne fram tradisjonskunnskap som til dømes takkebakst, plantefarging, bruk av nyttevekstar, laging av sopelime, treskjering, strikking, veving og brodering
  • hjelpe til med rigging, rydding, kaffikoking og assistanse på handverkskurs og andre arrangement
  • hjelpe til med raking, hagearbeid, ljåslått og hesjing
  • bidra med kunnskap, forteljingar og høgtlesing for barn og andre besøkande

Kontakt oss

Er du interessert i å vere frivillig? Ta kontakt!

Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2