Hopp til hovudinnhald

Besøkssenter for Jotunheimen og Langsua?

Treng vi det?

Folkemøte med dialog

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
16. juni 2025
19.00
åpent landskap i fjellet Anne Marit Noraker

Velkomen til folkemøte om besøkssenter for Jotunheimen og Langsua. Treng vi det?

Valdresregionen forvaltar viktige nasjonalparkar som Langsua og Jotunheimen. Parkane skal sikre varig vern for unike natur- og landskapstypar, og dei er besøksmål for innbyggarar og tilreisande. Parkane er også «heim» for stølsnæringa – ein viktig kulturberar med anerkjenning frå UNESCO.

I Valdres er det planar om etablering av eit besøkssenter for dei to parkane, på Beitostølen i Øystre Slidre. Senteret skal vere utstillingsvindauge for stølskulturen og naturarven. Her skal besøkande få informasjon om korleis vi alle kan ta vare på naturen og dyrelivet for framtida. Her skal ein òg få informasjon om korleis besøkande, uavhengig av funksjonsnivå, kan ta seg fram i parkane.

STAD: Valdres Folkemuseum
TID: Måndag 16. juni kl. 19.00
ARR: Øystre Slidre kommune og Valdresmusea
Gratis

Program: 

På folkemøtet 16. juni 2025 på Valdres Folkemuseum får vi høyre kva ulike miljø tenkjer om planane om eit slik senter, om korleis ein skal sikre tilgang og tilgjengelegheit for alle, og om formidling og bevaring av natur- og kulturverdiar. Arbeidsgruppa for besøkssenteret ber òg om inn-spel frå innbyggarane. På folkemøte på museet spør vi:

Kva skal vere besøkssenteret sin profil?
Korleis skal vi formidle vern og berekraft i ein sterkt utbygd region?
Kven skal vi samarbeide med? Næringslivet, reiselivet, museet og frivilligheita?

Korte innleiingar:

DNT Oslo og omegn v/ eigedomssjef Jan Erik Reiten 
Stølsbrukar, budeie og formidlar Kathrin Aslaksby 
Beitostølen helsesportsenter v/ direktør Astrid Nyquist 

Panel i dialog med publikum:

Elisa Sevilla Ulfstedt, prosjektleiar i INKLU 
Merete Hovi, dagleg leiar i Visit Valdres
Bjarne Budal, ordførar i Øystre Slidre 

Moderator: Jostein Aanestad, Øystre Slidre kommune, og Ole Aastad Bråten, Valdresmusea

Museum24:Portal - 2025.05.21
Grunnstilsett-versjon: 2