Hopp til hovudinnhald

Berte Skrukkefyllhaugen

  • 1/1

Berte Skrukkefyllhaugen (1854-1950) var den siste fastbuande i Vassfaret. Ho var den einaste i ein syskenflokk på fire som vaks opp og levde eit liv det framleis går gjetord om. 

Berte kom frå fattige kår og mykje skulegang fekk ho ikkje. Men ho las aviser som turistar la att, og ho var så kunnskapsrik at ho sto likevel øvst i kyrkja av 39 jenter då ho vart konfirmert. Etter at foreldra døydde budde ho og dei to barna hennar att aleine på Skrukkefyllhaugen. Det vart eit strevsamt liv. 

For å berge seg gjennom året, og særleg dei lange vintrane, var arbeidsoppgåvene mange. Berte mjølka, ysta og kinna. Ho laga fiskegarn og snarer, fiska, jakta og samla egg frå ender og storfugl. Og ho dreiv med ljåslått og høyberging, sanka mose og lauva for å få nok krøtterfôr til vinteren. Alt lærte ho vidare til dei to ungane sine. 

Ein vinter hadde ho Liaros, den einaste kua ho då åtte, inne i stova, etter at fjøset vart øydelagt under eit uvêr. 

Etter nokre år gifta seg ho med Ola Svendsen Haugen frå Hallingdal. Han spelte munnharpe og vart all sin dag kalla «Fanten». Dei budde i fleire år i Hallingvika i Vassfaret, før ho i 1921 flytte til Flå i Hallingdal. 

Biletet vart teke på 90-årsdagen. I fiskebua på Bautahaugen er det rester av eit fiskegarn som Berte har laga. Det er laga av hestetagl og har søkker med bjørkenever og grus.

--

Publisert 18.3.2021

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1