Hopp til hovedinnhold

Aslaug Heggelunds mote og manufaktur 1910–1998

Astrid Magistad (1912–1998) var eigar og drivar av Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning på Fagernes i 49 år. I 1998 døydde Astrid. Same år vart butikken lagt ned og Valdres Folkemuseum overtok ein del gjenstandar, mellom anna ei samling hattar frå butikken.

Heilt til det siste var Astrid Magistad ivrig modist og leverandør av undertøy, kjolar og eksklusive kåper. Kvar haust fylte ho hyllene med nye produkt, i tillegg til å selje kjolar frå eiga systove. Etter kvart tok ho til å selje masseproduserte varer, men det var hattane som gjorde henne til handverkar. Desse vart til på kvelds- og nattetid. Filten bløytte ho i vatn, og så forma ho hattane med ulike hjelpemiddel, i alle slags former og fasongar.

Kundane kom frå heile landet: Austlandet, Vestlandet, Oslo og Valdres. Bygdekvinner, hovudstadsfruer, hytteturistar og andre tilreisande. Kvar og ein av dei fekk ein personleg service som vi i dag berre kan drøyme om.

– Sjå her, denne drakta har eg kjøpt til deg, kunne ho seie. Astrid kjende kundane sine, ho visste kva dei ville ha. Når ho handla inn frå dei store varemessene, hadde ho alltid gode kundar i tankane.

Astrid Magistad fekk teoretisk opplæring på ”Oplandenes kristelige ungdomsskole” på Gjøvik i 1928–1929. Ho tok praktisk opplæring i motesaumkurs i fleire år, i tillegg til tilskjerarkurs på ”Våre Damers tilskjærerakademi” i 1931–1933. I 1932–1933 tok ho handelskurs. Astrid Magistad var gift med overrettssakførar Harald Magistad (1909–2001). I ti år var han skrivar og kasserar ved Valdres Folkemuseum. Då Astrid Magistad døydde i 1998, overtok Valdres Folkemuseum ein del av varelageret.

Det var mor til Astrid Magistad, Aslaug Heggelund (1882–1949), som i 1910 etablerte Aslaug Heggelunds mote- og manufakturforretning. Aslaug (fødd Hagen) var fødd på Odnes i Søndre Land, men flytte til Fagernes tidleg på 1900-talet. Den fyrste tida heldt ho til i leigde lokale på austsida av Neselva. I 1938 reiste mannen hennar, Johan Heggelund (1876–1945), ein ny gard på Valdreshaugen (fyrste tilhaldsstaden for Valdres Folkemuseum) på Skarpsno, på vestsida av Neselva. Bygningen vart reist i bindingsverk og fekk rappa murfasade. I 1939 flytte Aslaug Heggelund inn i den nye forretninga. Her selde ho stoff i metervare, trådsneller, undertøy og kjolar.

Publisert 24.3.2020

Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1