Hopp til hovedinnhold

Arne Arnesson Fønhus (1886-1983)

Manuskript og korrespondanse

Arne Arnesson Fønhus (1886-1983) var eigar av gnr. 56 bnr. 1 Søre Fønhus i Sør-Aurdal frå 1915 til 1949.

I 1953-1954 skreiv han ein gard- og ættesoge for Fønhus som vart fullført og utgitt i begrensa omfang til slektningar i 1955. I 1977 arbeida han med ei oppdatering til denne boka. Tomas Langødegård, som har vore leiar av Sør-Aurdal historielag, hjalp til med å samle informasjon til denne oppdaterte slektshistoria gjennom korrespondanse. Omtrent samtidig, 1976-1977, skreiv han eit manuskript kalla "Noe av det jeg minnest fra århundrede skiftet 1900" med eigne minne frå oppveksten, hovedsakeleg frå perioden 1898 til 1908.

Arkivet inneheld:

  • Manuskript "Noe av det jeg minnest fra århundrede skiftet 1900", skrive av Arne Arnesson Fønhus, 1976-1977.​
  • Brev til Tomas Langødegård, innsamling av informasjon om slektshistorie, 1977.

Meir materiale etter A.A. Fønhus ligg i arkivet etter Valdres Bygdebok under tilfang for Sør-Aurdal gnr. 56 Fønhus: VFF 3 Cfg/L0004/0006.

Arkivet er avlevert til Bagn Bygdesamling.

  • 1/4
    Portrett av Arne A. Fønhus og kona Sigrid. BV 83-284B. Foto: L. Szacinski (1844 - 1894)
  • 2/4
    Innleinga til manuskriptet
  • 3/4
    Døme frå manuskriptet
  • 4/4
    Register til manuskriptet
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1