Hopp til hovudinnhald

Arkivet til Verne-Vøla

Fortidsminneforeininga sitt lokallag i Valdres

  • Tre av lagsblada til Verne-Vøla
    Tre av lagsblada som Verne-Vøla gav ut i tidlege år.

Arkiv nummer VFF 281 i Valdresmusea si samling av privatarkiv inneheld arkivmateriale etter Verne-Vøla sitt stadig pågåande virke. Arkivet dokumenterer foreininga sitt store engasjement for å ivareta bygningar i Valdres.

Den 19. mai 1980 vart Verne-Vøla, Fortidsminneforeininga sitt lokallag i Valdres, stifta på Valdres Folkemuseum etter initiativ frå Halldis Aalvik Thune. Halldis var eigentleg frå Hardanger, men etter ein tur til Vang i 1959 vart ho «bergteken» av gardsbygningane i Valdres. Samtidig syntest ho det var vondt å sjå bygningar som ikkje vart tekne godt vare på. Dette blei inspirasjonen hennar til å starte Verne‑Vøla 21 år seinare.

Verne‑Vøla sine mål frå 1980 har vore å spreia vernetanken og å bidra til å ta vare på gamle hus gjennom dugnadsarbeid. Eit døme på dette er huset Susen, som tidlegare stod ved Frydenlund hotell i Aurdal. Det skulle eigentleg rivast, men blei redda gjennom eit impulskjøp av Halldis. I åra etterpå vart bygningen sett opp att på Valdres Folkemuseum ved hjelp av omfattande dugnad, og der står han framleis i dag. Verne‑Vøla arrangerte òg store dugnader på fleire stader i Valdres - noko dei framleis gjer.

I andre halvdel av 1990‑talet låg Verne‑Vøla nede i nokre år, men under leiinga til Magnus Sandberg vart foreininga starta opp att i 1999. Med nye tider kom òg eit nytt fokus: rådgjeving og formidling av oppdrag. 

Sidan den gong har det vore aktivitet i Verne-Vøla heilt fram til i dag. Som døme på nyare prosjekt der laget har vore sentralt, er dugnadsarbeidet på Kristianslund i 2021 og bevaring og flytting av Røysestogo i 2023, ei bygning som tidlegare stod i Lomen.

Materialet i arkivet

I arkivet kan ein finne meir om alle disse hendingane, i tillegg til mykje anna. Frå dei tidlege åra finst mellom anna lagsbladet til Verne‑Vøla, som kom ut frå 1980 og eit stykke inn på 1990‑talet. Det er òg bevart ei rekkje referat, brev, årsmeldingar og avisutklipp frå heile perioden. I tillegg kjem eit omfattande fotoarkiv og eit mindre lyd‑ og videoarkiv som museet arbeider med å digitalisere, og som etter kvart vil bli tilgjengeleg for ålmenta.

Håvard Spikkeland, bachelorprogrammet i arkiv, museum og dokumentasjonsforvaltning, NTNU, hospitant ved Valdresmusea, 2. mars 2026.

Finn arkivet
  • 1/3
  • 2/3
  • Tre av lagsblada til Verne-Vøla
    3/3
    Tre av lagsblada som Verne-Vøla gav ut i tidlege år.