-
Endre Vik (t.v.) framfor huset han bygde i Spring Grove.
Å byggje bru mellom lokalsamfunn på tvers av tid og stad
Arkitekten og materialkulturforskaren Miranda Moen fortel om liva til eigne forfedre frå Vestre Slidre gjennom fotografi, arkitektteikningar og kart. Med fokus på husmannen Endre Vik sporar ho reisa hans via fleire garder i Vestre Slidre til huset han seinare bygde i Spring Grove, Minnesota. Miranda vev saman regional arkitektur, klassehistorie og personlege historier for å framheve korleis slektsforsking byggjer bru mellom lokalsamfunn på tvers av tid og stad.
TID: Tysdag 3. juni kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140, kr 50 for dei under 26 (gratis for årskortmedlemer)
NB: Foredraget går føre seg på engelsk
ARR: Valdresmusea
Fjordkafeen held open fram til foredraget startar, kjøp gjerne middag eller ein kopp kaffi.
Om Miranda Moen
Miranda Moen er arkitekt og grunnleggjar av MO/EN, ein design- og forskingspraksis basert i Austin, Minnesota. Ho er oppteken av bustads- og næringsarkitektur, og korleis samarbeid og samfunnsidentitet kan bidra i stadsutviklinga. Miranda utforskar korleis folkeleg arkitektur speglar kulturarv, klasse- og migrasjonshistorie i landlege omgivnadar. I 2022 fekk ho eit Fulbright-forskingsstipend for å studere dei arkitektoniske forbindingane mellom Noreg og det norsk-amerikanske Midtvesten. I det pågåande arbeidet framhevar ho korleis bevaring av gamle bygg og kulturminne bidrar til å forme og bevare identiteten til innvandrarmiljø på tvers av generasjonar.
- 1/1
Smedplassen i Vestre Slidre, der Endre Vik vaks opp.