Hopp til hovudinnhald

Årets Valdresambassadør 2025

23. september 2025 vart Valdresmusea utropt til Årets Valdresambassadør av reiselivet og næringsapparatet i Valdres. Lovord frå verda ikring er alltid hyggeleg. Anerkjenning frå sine eigne betyr kanskje endå meir.

  • Gruppebilde med 3 kvinner og 3 menn
    Odd Erik Holden (styreleiar), Ole Aastad Bråten, One Enerud, Frank Rolland, Anne Marit Noraker og Sara van der Moer Henning Wangsnes

Jyruens grunngjeving

Årets Valdresambassadør har gjennom fleire år fått ros for verksemda si. På ein nyskapande måte bind vinnaren fortida saman med notida og framtida, og er eit samlingspunkt der folk møtest – til kvardag og til fest, til utstillingar, festivalar og føredrag.

Her vert vi minna om at vi må vite kvar vi kjem frå for å forstå kvar vi er og kvar vi skal. Gjennom forsking, formidling og ei rikhaldig kursverksemd får vi lære korleis kunnskapen frå generasjonane før oss framleis kan vere til nytte og inspirasjon i dag.

Årets vinnar er både limet som held oss saman og lupa som hjelper oss å sjå nærare på oss sjølve og vårt eige samfunn. Dei bind oss inn i ei felles historieforteljing, samstundes som det er plass til kvar enkelt i eit inkluderande fellesskap.

I 2022 vart vinnaren kåra til Noregs beste i si kategori. Årets vinnar har bidrege til at viktige delar av Valdres-historia, som stølslivet og draktskikken, no er løfta heilt opp til å bli anerkjend som ein del av UNESCOs immaterielle verdsarv.

Men vinnaren nøyer seg ikkje med å forvalte fortida. Her vert det òg skapt rom for nye tankar, tydelege standpunkt og blikk som strekkjer seg langt utover eigne skigardsdeler.

Årets pris går til ein institusjon som både forvaltar, formidlar og fornyar.

Det er difor ei stor glede å tildele prisen som Årets Valdresambassadør til… Valdresmusea!

  • Ole, Anne Marit og Sara
    1/2
  • Diplom
    2/2
    Henning Wangsnes
Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2