Velkomen til foredrag om jordvern og arealplanlegging ved Kristine Lien Skog, forskar og instituttleiar ved Institutt for by- og regionplanlegging ved NMBU. Ho brenn for berekraft og miljøstyring, og meiner planleggarane har eit samfunnsmandat som er avgjerande for å løyse framtidas utfordringar.
TID: Torsdag 14. november 2024 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26) GRATIS for arealplanleggarar
ARR: Valdresmusea
Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag, kaffi eller kake.
Kristine Lien Skog
Lien Skog sine fagområde er knytt til naturressursforvaltning i skjeringspunktet mellom miljø og utvikling, og anvendt planlegging med verkemiddel etter plan- og bygningsloven. I doktorgraden tok ho mellom anna føre seg desse problemstillingane:
- I kva grad er urbaniseringa ein trussel mot det faktiske jordvernet i Norge?
- Korleis blir jordvernet påverka av bondens motivasjon for fortsatt drift?
- Kva slags verdiar har størst betydning i ein planprosess?
- Korleis kan vi styrke verkemidlane for jordvern i Norge?
Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.