Hopp til hovedinnhold

Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones

Hilme året rundt

KONSERT PÅ SLIDREHUSET, VALDRES FOLKEMUSEUM;

Mari Skeie Ljones er frå Jørstadmoen på Lillehammer, ho speler fele og hardingfele med base i slåttemusikk frå Gudbrandsdalen og Hardanger. Dei siste åra har ho jobba mykje med prosjektet Spring du fela der eldre historier om folkemusikarar og dansarar har fått nytt liv gjennom tekstar frå ulike forfattarar som har tolka historiane og der Mari i lag med Camilla Granlien har laga ny musikk.

Annlaug Børsheim er felespelar, songar og gitarist frå Ulvik i Hardanger. Vegen frå hardingfele og slåttar frå Hardanger til elektrisk gitar og popmusikk er ofte kort. Ho har tonesatt tekstar av ei rekke forfattarar som Ruth Lillegraven, Hilde Myklebust og Per Olav Kaldestad og jobbar innanfor eit vidt spekter av sceniske uttrykk.

Mari og Annlaug har kjent kvarandre frå sidan før dei kunne gå, men det er fyrst i seinare tid dei for alvor byrja å spele og jobbe saman. Dei speler saman i trioen Morgonfrosken og i produksjonen «Tenk om eg var ein tanke» som har turnert for den Kulturelle Skulesekken i fleire år. I desse to prosjekta er utgangspunktet dikt henta frå barnediktboka «Når Morgonfrosken syng» av Per Olav Kaldestad, tonesatt av Annlaug.
På konserten vil det bli ei god blanding av slåttespel frå Hardanger og Gudbrandsdalen og nyskrivne songar. Billett kr. 150,-

STAD: Valdres Folkemuseum, Slidrehuset
TID: Laurdag 23. oktober 2021 kl. 19.30

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1