Hopp til hovudinnhald

Anna Emilie

I 2025 og 2026 har Anna Emilie hatt sommarjobb på Valdres Folkemuseum. Ho har fått prøve seg på å bygge skigard, tørrmure, tjære treski, snekre, spinne garn, tekke tak med skifer, bruke ljå, vere budeie og drive med formidling ovanfor museumsgjestane. Dette som del av gjennom "Kloke hender - unge talent", støtta av Sparebankstiftelsen DNB.

I skuleåret 2026/27 har ho eit heilt praksisår på museet!

Å få arbeide på Valdres Folkemuseum har vore ei lærerik og til dels personleg oppleving. Eg er sjølv fødd og oppvaksen på Gjøvik, men eg har besteforeldra mine her i Valdres. Jobben har gitt meg sterkare tilknyting til røtene mine her. Kvar ettermiddag drog eg heim til bestemor for å fortelje om det eg hadde gjort den dagen, og bestemor kunne sjølv fortelje om det same frå hennar barndom. Bestemor voks opp på ein støl i Nord-Aurdal, så om kvelden kunne vi dele stølskulturen med kvarandre – prosjekta mine på stølen var jo barndommen hennar.

Det var ei unik oppleving å ta gjester med inn til meg og kunne fortelje dei om den barndommen og dele det menneskelege i kulturen. Eg er veldig takksam for erfaringane eg fekk her i sommar, og det er mykje nyttig eg kan ta med meg vidare når eg no skal byrje på snekkarfagbrevet mitt i haust. Valdresmusea stadfesta for meg kor glad eg er i tradisjonshandverk og kulturen rundt det, så dette skal eg halde fram med.

  • 1/11
  • 2/11
  • 3/11
  • Ung budeie kokar kaffi på stølen
    4/11
  • To gutar sitter på ei sandkasse i laft
    5/11
  • Gruppe ungdomar og ein vaksen mann står foran ein skigard
    6/11
  • 7/11
  • Jente og gutt i grøn busserull
    8/11
  • To budeier i sommarleg antrekk
    9/11
  • Instruktør som viser to elevar korleis ein setjer saman laftade stokkar
    10/11
  • To budeier i sommarleg antrekk
    11/11