Solbjørg Kvålshaugen er kjend over heile landet som vertinna på Fondsbu, og ho kjenner Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) betre enn dei fleste.
Med stor innleving fortel Solbjørg historier, les dikt og syng - og ho får folk til å både le og gråte når ho fortel om Vinje. Kven var han eigentleg? Kva for tragedie og lidenskap prega livet hans? Kvifor vart han so viktig for Jotunheimen og Eidsbugarden?
Velkomen til foredrag!
TID: Torsdag 1. februar 2023 kl. 19.30
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Billettsal i døra
Årsmøte i Vennelaget: kl. 18.00–19.00, rett før foredraget. Alle medlemmer er velkomne! |