Hopp til hovudinnhald

Å, jeg vet en seter

Undervisningsopplegg om stølsdrift

Dette undervisningsopplegget er utvikla for å spreie kunnskapen om stølsdrift og gjere den oppveksande generasjonen nysgjerrig på dette temaet.

Opplegget er laga for undervisningspersonell på skular og andre med formidlingsansvar innanfor skuleverk, på museum eller på enkeltstølar. Målet vårt er at alle interesserte skal kunne utføre undervisningsopplegget, uavhengig av om dei bur i eit aktivt seterområde eller ikkje. 

Det er altså aktuelt både for dei som bur i byen, og for dei som bur på bygda. Det einaste kriteriet er at ein kan dra til eit område der det har vore eller er aktiv støling.

Opplegget er delt inn i åtte ulike tema. Alle temaa er, med nødvendig tilpassing, aktuelle for alle alderstrinn i grunnskulen. 

Gjennom dei ulike temaa vil vi prøve å gi eit innblikk i livet på stølen. Kvar enkelt skule kan velje ut kva for tema som passar best, eitt eller fleire, alt etter kva for ressursar de har til rådvelde. 

Opplegget kan gjennomførast med førebuingar, kombinert med eit besøk på ein støl som er i drift, på ein nedlagd støl eller i eit område der det har vore stølsdrift og det finst synlege restar etter dette.

Kvar enkelt brukar av opplegget må sjølv finne økonomiske ressursar til å gjennomføre det, til dømes ved å få det registrert som eit av kommunens kulturelle skulesekkopplegg.

Seter er det vanlege omgrepet på Austlandet og i Trøndelag for sommar husa i skogen eller på fjellet. I store delar av Valdres, Hallingdal, Numedal og Telemark og på Vestlandet er støl det vanlege ordet, og den nemninga har vi brukt i dette opplegget. Seter har samanheng med verbet å sitje, mens støl heng saman med å stå.

Undervisningsopplegget er utarbeidd på oppdrag frå organisasjonen Norsk seterkultur av Valdresmusea v/One Enerud og Anne Marit Noraker og Anno museum v/Knut Ola B. Storbråten. Takk til inspirasjon frå Valdres Folkemuseum, Musea i Trysil og Engerdal og frå Hallingdal Museum. Arbeidet er finansiert av Sparebankstiftelsen DNB og Kulturdirektoratet