Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Ung på museum 

  

Stadig oftare høyrer vi at kunstnarar og kulturutøvarar er tidstjuvar i skulekvardagen. Kulturen stel undervisingstid, blir det sagt. Sant nok, men, skulefag åleine kan ikkje ruste ungane for framtida. For verda er overalt – og i ein krevjande kvardag skal barn og unge finne sin plass. Dei ytre påkjenningane er mange, på skulen, i heimen, i den digitale verda, kvar dag, kvar time, kvart sekund. Det er ikkje alltid enkelt å vite korleis ein skal manøvrere mellom sterke krefter av alle slag. 

Liva i Valdres er ikkje lausrive frå verda ikring. Det har dei aldri vore. Men verda bankar litt hardare på dørene no enn kva dei gjorde før i tida. Då er det greitt å møte menneske med kunnskap om det som skil – og det som foreinar. Skal vi sikre sameksistens med folk av alle slag, må vi forstå korleis verda heng saman. Då er kunnskap om mat, klede, song og musikk like viktig som dei tradisjonelle skulefaga. 

Ta i bruk undervisingopplegga ved Valdresmusea! 

Elevar og lærarar kan sjå fram til faste opplegg som «Barnas dag» tysdag 8. mai, «Mat i fortid og framtid» 11.–13. september, «Smi deg ein dings» 18.–20. september og «Gamle jakt- og fangsreiskapar». Tidspunkt, påmeldingsfristar og prisar er nemnt i omtalene av dei einskilde aktivitetsopplegga.

Valdresmusea er også med når folkemusikk-Noreg skal vise seg fram. I det høve har vi produsert ei flott utstilling, «Langeleiken – heile Noregs instrument». Sidan det er barn og ungdom som skal føre dei lokale musikktradisjonane vidare, er barn og ungdom også ei viktig målgruppe for denne utstillinga. I 2018 tilbyr Valdresmusea konsert, omvising i utstillinga og opplæring i langeleik og dans.

Velkomen til eit innhaldsrikt museumsår!

Last ned årets katalog her.

 

13. september kl. 19:00Krigens største illegale avisapparat holdt til i Valdres21.-23. september kl. Norsk munnharpefestival