Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Smiugarden i Etnedal

Midtkammerbygningen i Smiugarden – historie og karaktertrekk  
Midtkammerbygningen var vanleg på embetsgardane på 1700-talet. I Valdres kom denne hustypen i bruk på byrjinga av 1800-talet. Ein del av bygningane vart planlagde som midtkammerbygningar, men ofte bygde ein vidare på eldre hus. Ofte kunne utgangspunktet ver ei gamal akershusisk stove eller hus med treromsplan, som vart bygde på, slik som til dømes i Smiugarden. Her var det opphavleg ei akershusisk stove bygd i 1812. Vi kan sjå spor etter den gamle inngangen som førde rett inn i stova. I 1855 vart den nørdre delen påbygd. Inngangen vart flytta til om lag midt på bygningen. Her kjem ein inn i ein gang der trappa går opp i andre høgda.  

Midtkammerbygningane minner oss om lange tradisjonar i vår heimelege byggjeskikk. På same tid er dei påminningar om stil- og formmessig forankring til den viktigaste arkitekturreferansen i den vestlege verda – det klassisistiske formspråket.

Klassisk formsspråk – viktig premiss for vår heimelege byggjeskikk  
Interessa for klassisk arkitektur fekk ein renessanse på 1500-talet. Frå denne tid blir den klassiske arkitekturen blir særleg knytt til ein mann, Andrea Palladio (1508–1580). Palladio fann inspirasjon i den greske og romerske oldtid, og som ung reiste han til Roma og vart fengsla av den antikke bygningskunsten. Som arkitekt fekk Palladio internasjonal betyding, særleg på grunn bokverket ”Fire bøker om arkitektur” som vart utgitt i 1570. Når ein i dag talar om palladiansk stil, tenkjer vi fyrst og fremst på bygningar forma som enkle kubiske blokker, symmetriske i grunnplan og fasade, og med eit framskutt midtparti, ein tempelfront, gjerne dekorert med søyler og antikke detaljer.  

Frå midten av 1600-talet var den palladianske  bygningsstilen kjent over heile nord-Europa, og via Holland og England kom stilen til Noreg. Bygningane i dei europeiske landa var gjerne oppført i tegl eller i utmura bindingsverk. I Noreg vart husa framleis lafta, og noko seinare kledd med panel, som mursteinsimitasjon.  

På 1700-talet vart det vanleg å bygge hus omkring ein midtakse. Midtkammerbygningar var gjerne samansatt av to laftekjernar, og med gang mellom dei. Formidealet var framleis palladiansk, med symmetrisk fasade og grunnplan, glasaksar og ein forseggjort og monumental midtportal som kjerneelement. Mur- og søyleimitasjon vart òg nytta som dekorative element i husbygginga. Panel hører til originalkledning frå 1800-talet. Hjørnesøylene i Smiugarden har flotte klassisistiske motiv, i tråd med stilretninga. Monumentale valmtak vart òg vanlegare i denne tida. I form og proporsjon braut desse husa med den tradisjonelle, norske byggjeskikken.  

Midtkammerbygningen i Smiugarden er eit heilstøypt eksempel på denne palladianske stilarten. Når fylkeskonservatoren gjev bygningen regional verneverdi, er det mellom anna fordi bygningen representerer stor autentisitet omkring dei nemnte kvalitetane.  

Antikvarisk restaurering - kva er det?   
Fagmiljøa har kome med sterke ynske om at restaurering blir utført etter antikvariske prinsipp. Kva tyder eigentleg restaurering? Kva meiner vi med antikvariske prinsipp? Bakgrunnen for nemningane er ynske om vern av autentiske og opphavlege kvalitetar ved hus og anlegg. Tolking av omgrepa og utføring i praksis har derimot endra seg gjennom tidene.

Etymologisk tyder ordet restaurering å gjenreise eller å bygge opp att. I dag blir omgrepet nytta om gjenoppretting til opphavleg tilstand. I dette tilfellet er det snakk om gjenoppretting til opphavleg tilstand, med utgangspunkt i bevaring, utskifting og rekonstruksjon av bygningsdelar, og med omsyn til material, form og metode.

Restaurering gjennom tidene
I antikvarisk forstand gjeld likevel fleire tolkingar av omgrepet. The act of replacing in a former state-prinsippet har sidan 1700-talet vore den vanlegaste forståinga omgrepet. ”Former state” har derimot vore forstått på ulike måtar. Innafor vernerørsla har ein nytta omgrepet både om gjenoppretting til opphavleg tilstand og gjenoppretting til ynskt tilstand. Denne siste forma har som oftast vore sterkt politisk motivert. Istandsetjing av stavkyrkjer, til dømes, vart gjort slik ein skulle ynske dei hadde sett ut, ikkje slik dei opphavleg var bygde. På slutten av 1800-talet vann ein antirestaureringsbylgje fram. Denne ynskte ein prosessorientert tilnærming til både restaureringa og restaureringsobjekta. Hus og kyrkjer hadde endra seg over tid, dette laut vernerørsla ta inn over seg.

 

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas