Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Ysting i Valdres 

Stølsdrifta spelte i tidlegare tider ei stor rolle for matauken i eit samfunn langt meir prega av sjølvberging og naturalhushald. Dei fleste gardane i Valdres var småe, og krøtera måtte til fjells om sumaren slik at ein kunne dyrke vinterfôr nede i bygda. Kyrne kalva også om våren, noko som gav mykje mjølk i sumarmånadene.

 Bilete syner ysting i Hedalen. Det er truleg pultost som heng til avdrypping over surostmysa, som skal kokast inn til surprim. Jenta til høgre dreg kinna for å omskapa rumme til smør.

Før ysteria kom i drift og det vart bilvegar innover stølslaga, vart difor all mjølka foredla på stølane og setrene i Valdres. I løpet av to-tre hektiske sumarmånader skulle budeiene skaffe mat (budrått) for store delar av den komande vinteren. Så godt som all ystinga foregjekk på stølen, og nyare tids forsking syner at fjellbeitet tilfører mjølka mange viktige, sunne og gode næringsstoff (antioksidantar og sunne feittsyrer) som ofte er mangelvare i industrielt framstilt mat.

Med mjølkebilane forsvann den tradisjonelle ystinga, og i dag må ein hovudsakleg leite mellom kvinner på over 80 år for å finne dei som har vore med på ysting anna enn som hobby. Men forholdsvis lite er skrive ned i detalj om korleis ystinga skjedde i praksis om dei 12-15 ulike mjølkeprodukta som vart laga på stølar og setre i Valdres. Fleire stader i dalen er det teke opp att ysting dei siste åra, men kunnskapen og teknikkane som blir vidareførde har ofte nederlandsk eller fransk kulturbakgrunn. Få lagar i dag dei tradisjonelle og lokale ostane som våre formødre gjorde for 60-70 år sidan. Det er særleg dei sure, kvite fastostane som er mest utryddingstruga.

Dette har journalist i avisa «Valdres», Helge Gudheim, tenkt å gjera noko med. Gjennom mangeårig skriving om tradisjonsmat frå Valdres, har han mellom anna fått augo opp for den kunnskapen som er i ferd med å gå i grava når det gjeld den lokale ystinga. Difor har han formulert dokumentasjonsprosjektet «Ysting i Valdres», og fått Valdres Natur- og kulturpark, Valdresmusea, Norsk Kulturråd, Fylkesmannens landbruksavdeling og BU-ordninga med på å finansiere eitt års dokumentasjonsarbeid. Rundt 30 eldre budeier blir i detalj intervjua om ystinga. Saman med skriftleg dokumentasjon, eldre bilete, prøveysting, systematisering av alle kjørelda med meir, skal dette materialet i løpet av eitt år munne ut i eit manuskript til ei bok om den tradisjonelle ystinga i Valdres. Den skal bli praktisk retta, slik at ein skal kunne yste etter oppskriftene som kjem fram. Helge Gudheim har i prosjektåret base på Valdres Folkemuseum.

Har du gamle bilete som syner arbeidet frå den tradisjonelle ystinga, så er museet interessert i å få inn slike bilete for å gjera biletutvalet til boka betre. Kom innom eller send eldre bilete til museet, slik at dei kan bli kopierte.

 

19. oktober kl. 19:00VF: Foredrag: Klassereise v/Karin Sveen29. oktober kl. 19:00BB: Solokonsert med Ketil Bjørnstad