Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Frydenlund i Aurdal

  

Stiftinga Frydenlund er ei lokalt, organisert stifting som eig og driv skysstasjonen Frydenlund. 2. etasje blir leigd ut til bustad medan fyrste etasje blir brukt til kulturaktivitetar og møte. Bygningen vart restaurert i 1987 og åra frametter. Skifertaket vart skifta og bygningen måla med komposisjonsmåling. Det vart elles innreia eit lite kjøken og det meste av huset måla innvendig. Noko arbeid står att, mellom anna skal rotne stokkar i trappegangen skiftas ut.

Frydenlund skysstasjon var på slutten av 1800-talet eit kulturelt og kommunikasjonsmessig sentrum i Valdres. Hans Fluberg sette opp fleire bygningar her omkring år 1800, til ulike typar forretningsdrift. På Frydenlund vart det etter kvart skysstasjon og hotell. Sidan har det vore både landhandleri, posthus og telegrafstasjon her. Noverande bygning vart oppsett ikring 1860, og har det sveitsarstilpreget det fekk ved ombygginga i 1900. Nabobygningen, som er i privat eige, vart bygd på 1840-talet. 

Noregs første reisetrafikklag, Valdres og Jotunheimen Reisetrafikklag, vart stifta her i 1888. I 1901 overnatta Noregs første bilturist her, nederlendaren Beduin, på ferda si mot Lærdal. Mange kjende personar har gjesta Frydenlund, mellom anna Ludvig Mathias Lindeman og Edvard Grieg. Knut Hamsun kom til Frydenlund fyrste gong i 1884. Her fekk han godt stell av vertinna, Kari Frydenlund. Hamsun arbeidde ei tid som postopnar på Frydenlund. Tore Hamsun har skrive dette om sin far: I Aurdal, i gode forhold hos enkle, vennlige mennesker, der han likte seg, der fant han igjen en atomsfære han kunne arbeide i.

Aurdal er eit viktig kulturhistorisk landskap med høg regional verdi. Her er kulturminne og kulturlandskap, og som er viktig at blir sikra for ettertida. I 1989 vart dei kulturhistoriske verdiane kartlagt gjennom ein eigen tettstadsanalyse. Her kan du laste ned dokumentet.   

 

23. juni kl. 18:00BS: Sankthansvandring langs natur- og kulturstien i Hedalen23. juni kl. 18:00VF: Konsert i amfiet under Valdres Sommersymfoni