Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Flatigardsbygningen

 På eit gamalt, gulna papir har folkeminnegranskaren Knut Hermundstad (1888–1976) skildra korleis det gjekk til då Flatigardsbygningen vart flytt til Valdres Folkemuseum. I 1952 varsla eigaren av Flatigarde, Fredrik Ringnes (1890–1973), at han kunne tenkje seg å gje fleire gamle gjenstandar i gåve til museet på Fagernes. Knut Hermundstad og styremedlem i Valdres Folkemuseum, Olav Rudi, for til Etnedal, inspiserte dei gamle husa og fekk med seg eit lass med gamalt. Hermundstad skriv vidare:

"Då me […] henta sakene spurde me Ringnes om han var viljug til å gje den gamle  bygningen og innsetjingsbui til museet. Etter litt omtanke gjekk han med på dette. 31. mai same år reiste museet til Etnedal for å hente sakene. Det var ei storfelt gåve. Valdres Folkemuseum nemnde Ringnes ut til æresmedlem for denne gjerning."

I 1952 og 1953 vart huset flytt til museet på Fagernes. Etnedal kommune kosta køyringa, og i 1955 vart huset sett oppatt som ein del av eit framtidig Etnedalstun på museet. Stova i fyrste høgda vart måla i dei gamle fargane etter tilråding frå Riksantikvaren. Sumaren 1959 vart huset måla utvending i den opphavlege gule farga. Grunnflata på huset vart i 1952 oppmåla til 12,5 meter langt og 9,8 meter breitt. Stogo i fyrste etasje er i dag møblert med innbu etter lensmann og lagtingspresident Helge Thune og syster hans, Marit.      

Flatigardsbygningen er frå ikring 1750 og er døme på ein storgardsbygning frå Sør-Valdres, med stildrag frå både rokokko (1750–1790) og nyklassisisme (1780–1840). Noko som truleg kom i rokokkoperioden var svaien, nedst på takflata. Den fekk stor utbreiing på Vestlandet og i Valdres. I Nord-Valdres fylgde taksvaien heile raustelengda på huset. I Sør-Valdres ser ein taksvaien meir som ein knekk nedst på takflata, om lag slik som på Flatigardsbygningen. Eit anna stiltrekk i rokokkoperioden er utforminga på dekor og utskjeringar, til døme som på døra inn til storstova i Flatigardsbygningen. Utforminga er lett og asymmetrisk. Dette er eit karakteristisk trekk ved rokokkoen, i motsetning til barokken og nyklassisismen som er strammare.

Ombygginga i 1838
Flatigardsbygningen er ein tømmerbygning og var opphavleg ikkje kledd med panel. Ikring 1830–1840 har huset gjennomgått ein større reperasjon og fornying. På ein takstein står årstalet Anno 1838. Veggen mellom storstova og kjøkenet i fyrste høgda vart flytt nærmare kjøkenet, om lag ein meter, og huset fekk vart kledd med panel innvendig og utvendig. Truleg er dei ettermåten store glasa sett inn i denne perioden. Huset fekk etter dette ei kjøligare og strammare form med klåre trekk frå nyklassisismen. Førebileta for denne stilen kjem frå dei gamle romerske byane Herculeanum og Pompei, som vart grave ut på slutten av 1700-talet.

Den italienske renessansearkitekten Andrea Palladio (1508–1588) skal noko av æra for framveksten av dei antikke stilartane i denne perioden. På 1500-talet gjorde han ideala frå antikk arkitektur til stor mote blant arkitektane i Europa, og på byrjinga av 1800-talet fekk Palladio sine klassisistiske plansjar ein ny renessanse. Panel, mursteinsimitasjon og slanke hjørnekasser hadde inspirasjon frå antikke steinbygningar og klassiske tempelsøyler. På Flatigardsbygningen ser ein desse stilelementa som mursteinsimitasjon i eksteriøret og nover kledde som tempelsøyler med baser (sokkel nedst), søyler og kapitelar (krone øvst).

Flatigardsbygningen skifta ham som ein konsekvens av internasjonale moteimpulsar og generell endringsvilje. Etter ombygginga i 1838 har huset truleg fortona seg som eit framandelement i Etnedal. Som døme på generelle endringar i den norske kulturhistoria, er Flatigardsbygningen på inga måte unikt. Derimot syner den korleis den estetiske inspirasjonspila også tidlegare peika mot heilt andre himmelstrok enn våre eigne. Flatigardsbygningen fortel om vilje og om evne til å tolke internasjonale moteimpulsar, og den illustrerer tre viktige poeng i høve til ein byggjeskikkdefinisjon, a) at den lokale byggjeskikken står i nært forhold til den internasjonale arkitekturen, b) at konsekvensane av endringsvilje er brot med eldre byggjeskikk og c) at tid og rom er avgjerande dimensjonar for om og når ein vel å definere noko som lokal byggjeskikk.  

Storgard i Etnedal
Flatigardsbygningen var bustadhus for gardsfolket på ein av dei største gardane i Etnedal. Bjørn Olsson og Guri Olsdotter var brukarpar på Flatigarde i 1860-åra. Dei hadde einjordveg på 80 dekar dyrkbart åker- og engareal og 36 dekar anna areal. Slåtten gav i vanlege år ei avling på om lag 180 skinnpund (28 800kg) høy. Mesteparten kom frå utslåttene. Andre fôrresursar var 3000 kjervar (buntar) osp- og bjørkelauv. Med dette foret fødde Flatigardsfolket i 1865 6 hestar. 27 storfe, 19 sauer, 20 geiter og 4 griser. Som arbeidshjelp hadde Bjørn og Guri fem tenestefolk som budde på garden. I tillegg hadde dei arbeidshjelp frå dei 10 husmannsplassane sine: Beinstigen, Svingen, Nørre og Sørre Berge, Venda, Fyk, Bakkin, Strande, Hagin og Brattrud. 

28. juli kl. Foredrag på Bautahaugen om Hedalsdialekta4.-5. august kl. Etnedals-helg på Valdres Folkemuseum