Valdres Folkemuseum
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no

Valdres Folkemuseum 1901-2009

    

Valdres Folkemuseum vart stifta 10. mars 1901. Det var eit lesarinnlegg i avisa Samhold som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Innlegget var skrive av den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard, som vende seg til ”de ledende mænd i Valdres”. Museet vart stifta i den nasjonale rusen i byrjinga av hundreåret, skriv tidlegare direktør ved museet, Ingar Ranheim, i jubileumsboka frå 2001. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.

I 1905 kjøpte museet Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre og i mai 1906 vart Valdreshaugen (ei tre mål stor tomt bak Skarpsno) kjøpt frå Nes gard. Her kom Handeloftet opp. I 1917 selde museet Valdreshaugen og kjøpte i staden 18,5 mål ute på Storøya. Sidan har dette vore tilhaldsstad for Valdres Folkemuseum.

 

Museet er heim for 100 bygningar og anlegg

Valdres Folkemuseum er eit av dei største friluftsmusea i Noreg. Det er om lag 100 hus og anlegg innanfor skigarden på museumsområdet. Mellomalderloftet frå Uppigard Høve er det eldste (frå før 1350) ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag og vart oppsett på museet i 1946-1947. Museet har også eit stølsområde. Her står fleire stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Denne stølen vart oppsett på museet i 1998, i samband med satsinga på å dokumentere vår nære fortid. Husa på museet representerer soleis eit breitt spekter av stilartar og byggjemåtar, og dei fortel korleis folk levde og budde, frå mellomaldaren og fram til vår eiga tid.

Samlingane på Valdres Folkemuseum teller 20 000 gjenstandar frå heile Valdres. Valdres Folkemuseum har landets eldste lokale folkemusikkarkiv med over 9000 enkeltspor med musikk og song. Museet sitt fotoarkiv teller 64 000 bilete. Opplandsarkivet har òg ei avdeling her med om lag 480 forskjellige papirarkiv. Valdres Folkemuseum har eige studiesenter og ein instrumentverkstad med produksjon av langeleikar og hardingfeler, samt reparasjon av ulike instrument og strengeproduksjon.

Valdres Folkemuseum er eigd av dei seks Valdres-kommunane. Valdresmusea AS er driftsselskapet for Valdres Folkemuseum AS.
 

1. sep.-4. sep. kl. 10.00-16.00Jerndagar på Valdres Folkemuseum 4. september kl. 10.00-16.00Landbruksdagen