Studiesenteret
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no

Studiesenteret

I studiesenteret ved Valdres Folkemuseum kan du leite deg fram i over 3500 boktitlar og eit stort slektshistorisk arkiv frå heile Valdres. Kyrkjebøker, folketellingar, gardsbøker m.m. er tilgjengeleg i papirformat, på filmrullar og på diverse nettstader. Valdres Slektshistorielag samlast her kvar veke - og studiesenteret er lagt til rette for bruk av kjelder i samarbeid med slektshistorielaget.

Studiesenteret er nå fløtta over i nygamle lokale, med utsyn mot fjorden. Her er det betre lagt til rette for besøk og bruk dagleg, inkl. møtebord og trådlaust nett/tilgang til data.

I sommar er senteret bemanna med Nina Espeseth Grønbekk som sit og registrerer foto frå museet sine samlingar.

Studiesenteret er ope måndag - fredag frå klokka 08.00-15.30.

Ansvarleg for studiesenteret er seniorkonservator Jahn Børe Jahnsen. Kontaktinfo: telefon, 61 35 99 25, e-post, jahnbore.jahnsen@valdres.museum.no.

1. sep.-4. sep. kl. 10.00-16.00Jerndagar på Valdres Folkemuseum 4. september kl. 10.00-16.00Landbruksdagen