Opplandsarkivet
• Opplandsarkivet tek vare på private (ikkje offentlege) arkiv og gjer dei tilgjengelege.
• Opplandsarkivet har ni avdelingar over heile fylket, med sekretariat på Gjøvik.
• Opplandsarkivet har også fire arkivavdelingar for folkemusikk og tradisjonsmusikk.
• Opplandsarkivet er offentleg. Fylkeskommunen og musea samarbeider om drifta.
• Opplandsarkivet tilbyr privatpersonar, foreiningar og bedrifter oppbevaring av arkiv.
• Arkiv kan du deponere eller gje som gåve til Opplandsarkivet sine avdelingar.
• Arkivavdelingene kvitterer for mottekne arkiv og tek seg av ordning og registrering.
• Arkivene vert oppbevart under tilsyn i eigne magasin.
• Arkiv kan klausulerast eller sikrast mot innsyn i samråd med arkivskapar/gjevar.
• Opplandsarkivet gjev faglege råd om avlevering og oppbevaring av arkivmateriale.
• Arkivpersonalet gjev rettleiing til alle som ynskjer å bruke materialet.
Ein dag er vi alle historiske!
Dei fleste av oss kjem i løpet av livet til å skape eller ta vare på arkivmateriale. Om nokre år vil mykje av dette ha historisk interesse. Det kan fortelje framtidige generasjonar om vår tid og våre liv. Mykje arkivmateriale manglar. Arkiv etter foreiningar, bedrifter og privatpersonar vert kasta, brent eller øydelagt på grunn av dårleg oppbevaring. Dette må vi forhindre. Ved å ta vare på kjeldene gjev vi menneskja i framtida betre høve til å forstå vår levemåte, våre gleder og våre problem.
Foreiningar og bedrifter forstår dette lettare enn privatpersonar. Grunnen er at dei oftere opplever behov for å kjenne fortida si, særleg ved jubileer. Då kjem spørsmåla: Kvar er arkivet vårt? Kvar er dei gamle styreprotokollane? Dessverre er det ofte ikkje mogleg å finne det materialet ein ynskjer. Arkivet kan vera spreidd, tillitsvalde og nykkjelpersonar døyr, flyttar eller gløymer. Eit gamalt arkivordtak lyder: ”Den beste måten ei foreining vert gløymt på, er at siste leiar beheld alt”. Då vert arkivet ofte brent eller kasta av arvingane.
Privatpersonar er ofte smålåtne. Det er vanskeleg å skjøne at våre enkle liv har historisk interesse. Men fagfolk og historikarar søker stadig etter kjeldemateriale som kaster lys over vanlege folk sine liv og tankar: Dagbøker, brev og hushaldningsrekneskap. Dette materialet blir meir interessant for kvart år som går.
Opplandsarkivet i Valdres
Opplandsarkivet i Valdres har tre avdelingar: Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Opplandsarkivet i Valdres har ved årsskiftet 2008/09 registrert 504 arkiv. På Bagn Bygdesamling er det 133 arkiv, medan det er 19 arkiv på Bautahaugen Samlinger, reisten er på Valdres Folkemuseum, sjå eigen signaturliste.
Av kjende personarkiv kan ein nemne folkeminnegranskaren Knut Hermundstad, helsesportgründarane Anna og Erling Stordahl på Beitostølen, forfattaren Knut Hauge og tidlegare stortingsmann Åge Hovengen. Av lagsarkiv finst politiske partilag, idrettslag, husmorlag, bondelag, ungdomslag, kristelege lag, avholdslag, skyttarlag, helselag, sang- og musikklag og mykje anna.
Ansvarleg arkivar for alle avdelingane er konservator Jahn Børe Jahnsen ved Valdres Folkemuseum. Bagn Bygdesamling har fast personale som tek i mot arkiv. Innlevering av arkiv til Bautahaugen Samlinger skjer til styreleiar.
Kontaktperson er Jahn Børe Jahnsen, epost jahnbore.jahnsen@valdres.museum.no, tlf. 61 35 99 25.