Hopp til hovudinnhald

Kongevegutstillinga

Kongevegutstillinga handlar mellom anna om vegbygging og vedlikehald, handel, skyssasjonar og kven som brukte vegen. Velkomen til å søke ny kunnskap og få ei kjensle av Valdres på 1700- og 1800-talet.

Nokre fakta frå utstillinga

  • Vegen mellom Kristiania og Bergen gjekk frå gamal tid gjennom Valdres. På 1600-talet bestemte Kongen at gamle allfarvegar i Noreg skulle forbetrast.
  • Bøndene vart pålagd skyss- og vedlikehaldsplikt. Det innebar mykje arbeid, men også inntekt og impulsar utanfrå. 
  • Vegen vart nytta både av Valdres-bønder og tilreisande kremmerar. 
  • Med vegen kom embetsmenn, kunstnarar, folkeminneinnsamlarar, vitenskapsfolk og turistar. Folk på farten trengte mat og overnatting, og det kom mange skysstasjonar langs vegane. I Valdres har truleg vore til saman førti skysstasjonar gjennom tidene.
  • Vegen førde også ut av bygda. Truleg utvandra ikring 17 000 valdrisar til Amerika mellom 1836 og 1940. 
  • Utstillinga opna i juni 2018. 
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1