Instrumentverkstaden
Valdres Folkemuseum har eigen verkstad med produksjon og reparasjon av folkemusikkinstrument, samt sal av diverse utstyr som strenger m.m. To av dei fremste instrumentmakarane i Noreg, Knut Opheimsbakken og Oddrun Hegge har arbeidsplassen sin her, og er kjende for produksjon av langeleikar og hardingfeler. I tillegg til reparasjon og produksjon av nye og gamle instrument, lagar instrumentmakarane kopiar av eldre instrumenttyper. Hausten 2008 har Knut Opheimsbakken, på oppdrag frå Hardanger folkemuseum, produsert ein kopi av diktarkongen Olav H. Hauge sin langeleik, sjå bilete.
Knut Opheimsbakken har faste arbeidsdagar måndag (halv dag) og onsdag. Oddrun Hegge har fast arbeidsdag fredag. Treng du gode råd til vedlikehald og reparasjon av instrumentet ditt, kontakt Knut og Oddrun, telefon, 61 35 99 30, epost, knut.opheimsbakken@valdres.museum.no / oddrun.hegge@valdres.museum.no