Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Grupper Valdres Folkemuseum

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901 og er av dei eldste og største friluftsmusea i landet med 105 historiske hus og anlegg. I Velkomstbygget frå 2010 kan du sjå utstillingar om landets eldste strengeinstrument langeleiken, bunadar, symbolbruk i folkekunsten, smijernsringar, stavkyrkjer og helsesport. Museumsbutikken tilbyr handverksprodukt, sylv og suvenirar, bøker og musikk.

Omvising
Frå mai og ut september tilbyr vi omvising ute i friluftsmuseet. I sommarferien inkluderer omvisinga også ein minikonsert med dyktige folkemusikarar og dansar. Vinterstid tek vi gruppene med på ei runde i utstillingane inne. Ein kan tinge omvising på ulike språk. Ei omvising varar rundt ein time.

Tid til overs?
Du kan òg vandre rundt på eige hand. I Rudihuset sit instrumentmakarane Knut og Bård, som viser deg korleis hardingfela og langeleiken blir til. Filmframsyning og museumsrebus passar både ungar og vaksne. Det same gjeld styltrar eller ein tur langs naturstigen. Om sommaren svingar talentfulle ungdomar seg i dansen etter tonane frå hardingfela og langeleiken. Griser, høner, sauer og kyr går i utmarksområdet. Ofte sit budeia på stølen. Eit besøk i selet hennar er gjerne høgdepunktet for små og store.

Lunsj, middag eller ein kaffikopp?
Museumskafeen er ope heile året. Der møter du eit hyggeleg vertskap med lang erfaring innan matfaget. Kafeen er godt rusta for å ta seg av store og små grupper. Ta kontakt for tilbod og meny.

Pris omvising pr. person (vaksen/born)

Juli:                  kr 95/55
Juni og august:  kr 85/55
Resten av året:  kr 75/25

Gruppe på over 15 personar får rabatt.
Kontakt oss for tilbod og tinging.
Vi treng alltid stadfesting på bestilling.

12. august kl. 12:00-16:00BS: Bufardag12. august kl. 14:00-16:00VF: Indian Summer Meet