Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Vennelaget for Valdres Folkemuseum har som formål å skapa interesse for Valdres Folkemuseum og det museet står for. Vennelaget arrangerer foredrag som trekkjer folk til museet, og turar som gir folk kunnskap om historia vår, og me støttar opp om arrangementa på museet. Elles arrangerer laget rakedugnad om våren, skaffar folk som kan hjelpe til under arrangement, og held basar.

Laget hadde 229 medlemmer i 2017. Fire gonger i året får medlemmene tilsendt Museumsbodstikka, eit informasjonsblad om aktivitetane i laget og ved museet. I 2018 kostar det kr 150 å vera medlem i Vennelaget. Medlem kan ein bli ved å sende ein e-post til aud.soyland@bbnett.no, eller ved å betala inn kr 150 til konto 1594 22 20062.

Vil du ha meir informasjon om Vennelaget, kan du ringje til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919, eller til Aud Søyland, tlf. 990 37 584.

Programmet for 2018

1. februar: Årsmøte og filmkveld frå Valdres Folkemuseum v/Alf Sagbråten
15. mars: Kari Nordal held foredrag om fjernsetring i Valdres
7. mai: Rakedugnad
18. august, Landbruksdagen: Anders Nordrum held foredrag om dyrking av bær og grønsaker i Valdres
19. august: Tur til Breiesleiren, omvising v/Ola Breien og Ingun Kompen. Servering på garden Breien.
11. oktober: Kjell Bitustøyl held foredrag om tamreindrift i Valdres
2.–4. november: Stand under Rakfiskfestivalen
22. november: Annemor Sundbø held foredrag om symbolikken i norske strikkemønster
3. desember: Vennelagssbasar under det årlege skarkearrangementet, med mange fine gevinstar laga av deltakarane på basarkafeen og andre

Meir om laget
I Vennelaget for Valdres Folkemuseum kan du finne eit triveleg fellesskap, anten du vil dra på tur med andre historisk interesserte, eller oppleva eit dugnadsfellesskap. Fyrste tysdag i kvar månad kl. 11 (bortsett frå juli og august) møtest ein gjeng på basarkafeen, møtestaden der det òg blir skapt gevinstar til basaren. Me har rakedugnad på museet før 17. mai, stand under Rakfiskfestivalen og basar under Skarka. Og ikkje minst har me foredrag og turar der alle er velkomne, anten dei er medlemmer i Vennelaget eller ikkje.

Nytt i 2017 var det at Vennelaget heldt Nystøga open i juli månad, ved at «venner» bytte på å vera vakt i huset og drive med handverk og/eller kaffiservering. Tilbodet held fram i 2018.

I 2015 laga Vennelaget eit hefte med kvardagsoppskrifter frå Valdres. Heftet er laga på fem språk (norsk, engelsk, tysk, nederlandsk og fransk), og er å få kjøpt i museumsbutikken, Fagernes Libris, Husfliden Fagernes, Fagernes Landhandel og direkte hos Vennelaget for kr 75.

Vennelaget får inn pengar frå medlemskontingent, møte, gåver, basar, grasrotmidlar og altså sal av oppskriftshefte. I perioden 2006–2017 har Vennelaget overført 662 000 kr i gåve til museet. Me har kjøpt stillas og finansiert peisen i nybygget, kosta minglebord, utstillingsmontrar, gjeve tilskot til muren ved inngangen på museet, til nytt låsesystem på museet, flygel i festsalen og istandsetjing av Peisestogo. Nye oppgåver står for tur i 2018.

Styret for vennelaget 2018–2019
Aud Søyland, leiar
Gunnar Modén, kasserar 
Solveig Rydland, referent
Liv Ulsaker, styremedlem
Gunnar Hauge, styremedlem
Knut Biribakken, styremedlem
Anne Marit Noraker, museumsrepresentant

Ingun Kompen, varamedlem
Anne Berit Strømmen Strand, varamedlem
Torstein Jæger Dahlen, varamedlem
Ole Aastad Bråten, varamedlem for museumsrepresentanten

 

 

 

 

 

8. november kl. Konsert med Waaler Værvågen og Andsnes11. november kl. 18:00Henrik Wergeland og folkemusikken