Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Badstova i Brunbakke

 Sumaren 2009 starta Valdresmusea restaureringa av badstova i Brunbakke (94/1) i Hedalen i Sør-Aurdal kommune. Badstova vart gjeven som gåve til Stiftelsen Bautahaugen tidleg på 1950-talet. Dei ytre måla er registrert til 4,6 meter i breidda og 3,9 meter i lengda. I samband med sefrak-registreringa i 1987 vart verneverdien sett til middels høg (som eigenverdi) og som høg (som del av miljø). Oppland fylkeskommune og Valdresmusea var på synfaring i Brunbakke i mai 2005. Då vart det konstatert store skader og behov for omfattande restaurering. Formell status hjå Oppland fylkeskommune er uavklara.

Tørking av korn
Om lag midt i badstova har det stått ein røykomn. Inne i rommet har det vore fastmonterte hjellar langsmed veggane. Slike bygningar vart nytta til tørking av korn. Eigaren av Brunbakke har god dokumentasjon på kva type korn, og kor mykje korn, garden har produsert i eldre tid. Badstova har ikkje vore i bruk på 1900-talet.
 
Garden Brunbakke låg opphavleg under garden Lie, som er ein av dei eldste gardane i Hedalen. Den fyrste busetnaden på Brunbakke etter øydetida kom ikkje før i 1720. Badstova på Brunbakke er mest truleg reist i åra etter 1720. Badstova kan vera eldre, men då er ho kome til Brunebakke frå andre gardstun eller sett opp av eldre materiale. Badstova er av megaron-plantype. I klassisk, arkitektonisk forstand tyder dette eit kvadratisk eller rektangulært rom, med sidevegger som skyt fram og som dannar ein portal. Dette representerer den eldste typen laftehus vi kjenner til i landet.

Vårt ufullkomne omgrepsapparat  
Badstova er i dårleg forfatning. Gavlveggane er 30 cm ute av lodd, det er store råteskader på nover og på alle veggsidene, åsstokkane har ikkje bering i nordre gavl og på austsida har halve bygningen har lege i jord til tredje omfar. Bygningen gjennomgår no ei fullstendig restaurering, etter gjeldande retningsliner for antikvarisk istandsetjing av verneverdige hus – i samråd med fylkeskonservatoren og handverkarar. Etymologisk tyder ordet restaurering å gjenreise eller å bygge opp att. Innafor vernerørsla er omgrepet nytta om gjenoppretting til opphavleg tilstand. I dette tilfellet er det snakk om gjenoppretting til opphavleg tilstand, med utgangspunkt i bevaring, utskifting og rekonstruksjon av større og mindre bygningsdelar.

Restaurering gjennom tidene
Sidan slutten av 1700-talet har ein nytta omgrepet restaurering for å skildre istandsetjing av bygningar som vart tillagt særleg høg verdi som minnesmerke. Men omgrepet har skifta meining gjennom alle desse åra, og i dag er det som vi innafor kulturminnevernet kallar restaurering (forandring av bygning eller del av den for gjenoppretting av tidlegare eller opphavleg tilstand) berre eit av fleire restaureringsprinsipp.

I antikvarisk forstand gjeld fleire ulike tolkingar av omgrepet; the act of replacing in a former state  til dømes, har sidan byrjinga av 1800-talet, og i samband med framveksten av fortidsvernet, vore den vanlegaste forståinga av omgrepet. Men slik restaurering har vore utført på ulike måtar. Innafor vernerørsla har ein nytta omgrepet både om gjenoppretting til opphavleg tilstand og gjenoppretting til ynskt tilstand. Ikkje minst har dei ulike restaureringsprinsippa vore sterkt politisk motivert. På slutten av 1800-talet vann ein antirestaureringsbylgje fram, og eit ynske om prosessorientert tilnærming til restaureringa og restaureringsobjekta. Hus og kyrkjer hadde endra seg over tid, dette laut vernerørsla ta inn over seg.

Dersom ein skulle presentere ein samanfattande definisjon som skulle dekke fleire ulike syn, måtte det bli følgjande påstand; Restaurering er den framgangsmåten innan bygningsvernet som til einkvar tid blir styrd av leiande antikvarar. I dagens terminologi synest heller denne definisjonen å vera gangbar; Restaurering kan brukast om alle bygningsmessig inngrep under antikvarisk leiing/styring. Problemet med omgrepet er at det også kan innehalde sin direkte motsetning – i konservering eller bevaring. Restaurering inneber nødvendigvis forandring av ein spesifikk tilstand. Som spesialisert uttrykk for eitt av fleire restaureringsprinsipp betyr restaurering å forandre gjenstanden eller ein del av den for å gjenopprette ein opphavleg tilstand. ”Å restaurera er betre enn å skifta ut”, heiter det i eit notat om restaureringsprinsipp frå Hordaland fylkeskommune. Sitatet illustrerer nettopp manglande kunnskap om omgrepets natur, og det syner at praktisk bygningsvern utan teoretiske fundament kan gå galt.

Restaureringa av badstova på Brunbakke har ei ideologisk forankring både til den fyrste vernerørsla på 1700-talet, antirestaureringsbylgja på slutten av 1800-talet og restaureringsprinsipp frå vår eige tid. Desse inkluderer mellom anna 1) tverrfagleg deltaking (handverkarar, kulturhistorikarar, arkeologar og andre), 2) revitalisering av eldre arbeidsprosessar, handverksteknikkar og handlingsboren kunnskap, 3) materiallikskap (tilvirke eige materiale – tre, spon, isolasjon), 4) formidling om eldre samfunnsformer (til barn og unge gjennom formidlingsordninga Den kulturelle skulesekken) og 5) eit ynske om generell demokratisering av kulturminnevernet.     

Framdrift
Hausten 2008 var bygget i så dårleg forfatning at det var overhengjande fare for at badstova skulle rasa saman. Med omsyn til reisekostnadar og behovet for å arbeide med bygget under tak, vurderte ein det som hensiktsmessig å ta ned bygget. Badstova vart forskriftsmessig tatt ned, reinska, merka og lagra på Valdres Folkemuseum. Det vart gjort nøyaktige mål, og huset vart godt dokumentert. Sidan vart tomta rydda, masse fjerna og det vart etablert fall vekk frå tomta. Det vidare arbeidet blir som fylgjer:

1. Restaurere huset på Valdres Folkemuseum.
2. Setja opp ny grunnmur på tomta i Brunbakke.
3. Setja opp att huset i Brunbakke.

Formidling
Stiftelsen Bautahaugen har eit mål om å styrke formidlingsarbeidet omkring kulturminnevern, for barn og unge i Sør-Aurdal kommune. Gjennom formidlingsordninga Den kulturelle skulesekken ynskjer stiftinga å få til eit undervisningsopplegg med utgangspunkt i tradisjonen med dei gamle badstovene (bading og turking av korn). Det er eit poeng å sjå denne aktiviteten i samanheng med kulturhistoria og -landskapet elles, til dømes garden Brunbakke og den gamle ferdslevegen.

Den kulturelle skulesekken ynskjer at barn og unge skal få kjennskap til mangfaldet av kulturelle ytringar i Noreg. I dette mangfaldet høyrer også kulturminna heime. Kunnskap om kultur og samfunnsformer, i fortid så vel som i vår eiga tid, er viktig og grunnleggjande for barn og unge i møte eit mangfaldig samfunn. I Stortingsmelding  nr. 8 (2007—2008), Kulturell skulesekk for framtida, heiter det at kunnskap og innblikk i kulturarv og tradisjonar skal vere sentrale og viktige element i Den kulturelle skulesekken, og at kulturminne kan vere møteplass mellom skuleelevar og den lokale kulturminneforvaltninga.

Eit undervisningsopplegg i Brunbakke skal gje barn og unge kunnskap om eit lokalt kulturminne, om historiske føresetnadar og om kulturelle kontekstar. Elevane skal få kjennskap til sentrale problemstillingar i arbeidet med kulturminne, og forståing for viktige utfordringar for kulturminneforvaltinga. I undervisninga skal elevane arbeide med ulike tilnærmingar til kulturminnearbeid. Undervising i klasserom, teikning, formgjeving, dokumentasjon, registrering, vedlikehald og skjøtsel er døme på innfallsvinklar, verkemidel og metodar i eit undervisningsopplegg.

Dersom me ynskjer varig vern av truga kulturminna, er det i tillegg særs viktig at barn og unge får høve til å kjenne ansvar og engasjement for kulturminna våre. Kvart år forsvinn 2 % av alle sefrak-registrerte bygningar, og 5 % av alle arkeologiske kulturminne. Tilstanden for freda hus i privat eige er heller ikkje bra nok, skal ein tru tal frå Miljøstatus i Noreg. Dersom offentlege styresmakter ynskjer sterkare vern, og å nå den nasjonale målsetjinga om at årleg tap ikkje skal overstige 0,5 %, lyt ein starte eit langsiktig, haldningsskapande arbeid, gjerne i grunnskulen.

Kjelder
Bråten, Ole Aastad, 2009: Prosjektsøknad, Norsk Kulturminnefond.

Gjermundsen, Jon Ola, 1992: Gard og bygd i Sør-Aurdal. Bind D. Sør-Aurdal kommune og Valdres Bygdeboks forlag.

Lindbråten, Dag, 2006: Tilstandsrapport. Synfaring.

Roede, Lars, 1979: Restaurering og rehabilitering. Forsøk på en begrepsklargjøring. I Årbok, Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring/Grøndahl & søn side 516.  

23. juni kl. 18:00BS: Sankthansvandring langs natur- og kulturstien i Hedalen23. juni kl. 18:00VF: Konsert i amfiet under Valdres Sommersymfoni