Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Gravsta'n i Etnedal

Gravsta’n er ein gamal, privat gravplass og ligg på garden Nerre Hestkind (135/2) i Etnedal kommune. Gravsta’n er ein av tre private gravplassar i Valdres, er relativt sjeldsynt i vår del av landet, og har høg verneverdi. Gravsta'n vart godkjend og etablert i 1815 for familien Hestkind. Siste gongen Gravsta'n var i bruk var då Margit Espelien vart gravlagd her i 1919.

Bakgrunn
Ei forordning frå 1805 sette forbod mot at lik skulle kunne gravleggast under kyrkjegolvet. Dette førde til at fleire velståande familiar bad Kongen om løyve til å oppretta eigne gravplassar, gjerne på privat eigedom. Men fenomenet var ikkje heilt ukjend, for skikken med private gravstader på eige grunn kjenner vi tilbake til 1600-talet. Familiane Treschow ved Larvik og Wedel-Jarlsberg ved Tønsberg har kan hende dei mest kjende gravplassane for aristokratiske familiar i landet. At fornemme familiar ikkje ville gravlegge familiemedlemmer i same jorda som fattigfolket er truleg noko av forklaringa til at slike gravplassar vart etablerte. Lang reiseveg kan óg vere ei forklaring. 

Adelskap
Den fyrste som vart gravlagd på Gravsta'n var den danske adelsdama Christine Marie Knutsdotter, gift til Nerre Hestkinn på slutten av 1700-talet. Ho hadde vore gift tidlegare og var enkje då ho i 1764 vart gift med Harald Helgeson Strand frå Nerre Hestkinn.

Det var Harald Haraldson Hestkinn som fekk reist Gravsta'n, då mor hans, Christine Marie døydde i 1815. 1. desember same året gav Kongen løyve til å "lade indhegne og istandsætte et Begravelses-Sted for sig og sines liv, dog at vedkommende Præst og Kirkebetjente derved intet fragaar i deres lovlige Rettigheter, samt at der ved indtræffende dødsfald den sædvanlige Begravelses Ceremonier iagttages".

Det er sju graver på Gravsta'n. I tillegg til Christine Marie Knutsdatter, er Harald og Marte Hestkinn, og sonen deira, Nils Hestkinn, gravlagde her. Reisten er graver til småbarn.

Segner
Naturleg nok utviklar det seg segner rundt ein slik stad. Ei segn fortel at eigaren av garden, nokre år etter at Christine Marie var død, ei natt gjekk ned til Gravsta'n, hogg ein kniv nedi grava hennar og sa: "Eg byd deg, Stina frå Danmark, stå opp." Då han hadde sagt dette vart han kasta opp i veret og hamna fleire meter unna. Ei anna segn fortel at ein av Hestkinn-karane som ville gravleggjast på Gravsta'n, i staden vart gravlagd ved Blåflatkyrkja på Bruflat. Like etterpå kom det ein svart hest til garden og gav seg til å skrapa på dørhella. Brukarfolket skjønte dette var eit teikn, og flytte opp att karen. Då vart hesten borte.  

Oppmura i skogen

Gravsta'n ligg oppmura på ein liten knaus, 300 meter søraust for gardstunet. Ein smal veg leier opp til gravlunden. Ein opning i muren fører inn på eit lite platå. Dei ytre måla på gravplassen er 8 x 10 meter. Ytre høgda på muren varierer frå 0,5 meter til 2 meter. Muren er om lag 0,5 meter brei og har ei indre høgde på om lag 0,5 meter.

Sumaren 2008 starta grunneigaren eit omfattande restaureringsprosjekt i samarbeid med Valdresmusea, Etnedal kommune, Etnedal skule og Oppland fylkeskommune. Restaureringa av porten og murverket vart utført av Hans Magne Lunde frå Etnedal. Målet for arbeidet har vore å gjenskapa det opphavlege uttrykket, i tråd med gjeldande prinsipp for antikvarisk arbeid – det vil seie med utgangspunkt i kjende metodar og material, godkjent av kulturminnestyresmaktene. 

Restaurering, murverk og port
Murane bar preg av manglande stabilitet og påfølgjande utgliding. Dette skuldast samanrast, skiferhaldig stein, manglande drenering mellom kyrkjegarden og kistemuren, og tilvekst av teinung og vegetasjon på murkrona. 16 meter av muren vart demontert og deler av den skiferhaldige steinen knust og nytta som fylling i kistemuren. Ny, stadeigen stein vart forsøkt integrert i murverket. Det vart nytta same murstruktur som elles i murverket. Enkelte stader, særleg på innsida av muren, var steinen sett opp på høgkant. Dette gjev ikkje optimal stabilitet, men teknikken er særeigen, og vart forsøkt vidareført.

Mur utan konveks murkrone trekker til seg meir fukt enn ønskjeleg. Under restaureringa vart murane tilført tilstrekkeleg fyllmasse, og murkrona dekka til med stadeigen etasjemose. Ein portstolpe og reistene etter den gamle grinda vart rekonstruerte og satt på plass att i inngangspartiet. Portstolpane vart satt ned i steinfylte groper, på kvar side av opninga i muren.

Restaurering, landskap
Med bakgrunn i ein vegetasjons- og landskapsrapport, skriven hausten 2007 av vegetasjonsrådgjevar Tanaquil Enzensberger, vart det gjennomført eit omfattande dugnadsarbeid hausten 2007. Arbeidet vart utført av grunneigar Harald Espelien og elevar ved Etnedal skule. Dugnadsarbeidet omfatta hogst, rydding og vegetasjonspleie av Gravsta’n og området omkring. På dette tidspunktet vart Gravsta’n formelt adoptert av elevane ved Etnedal skule, som del av eit kulturvernprosjekt i regi av Den kulturelle skulesekken. Adopsjonen forpliktar skulen til langsiktig skjøtsel og vern av Gravsta'n. Etnedal skule planlegg fleire dugnadar i 2009. 

Kjelder
Bråten, Ole Aastad, 2006: Prosjektsøknad, Norsk Kulturminnefond. Etnedal kommune.

Enzensberger, Tanaquil, 2007: Gravminnet på Nerre Hestkinn. Vegetasjon og landskap, verdier og skjøtsel.

Espelien, Harald, 2006-2009: Munnleg informasjon.  

Hvattum, Harald. 1990: Gard og bygd i Etnedal, band C. Etnedal kommune og Valdres Bygdeboks forlag.

Klingberg, Sørmoen og Wefald, 2005: Kirkegården, et levende kulturminne. ARFO.






    

30. mai kl. 17:00-19:00VF: Vaskedugnad10. juni kl. 12:00-16:00BB: Familiedag