Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Fossheim i Etnedal

    

Tett attmed riksveg 33, nedunder bergflagget i Sør-Etnedal, står det gamle losjiet Fossheim. Det er lenge sidan det lyste i glasa på Fossheim, og etter at siste eigar selde huset i 2006 har forfallet fått setje ytterlegare spor. Våren 2008 fekk Valdresmusea tilbod om å overta det 100 år gamle sveitsarhuset. Ingen synte lenger interesse for det gamle huset. Ikkje eingong kommunen, som etter fleire års diskusjon om flytting til kommunesenteret Bruflat trakk seg som interessent. Bakgrunnen var då som no, Statens Vegvesen sine planar for ny vegtrasé mellom Høljarast og Sør-Etnedal. I Statens Vegvesen sitt forslag til ny trasé er Fossheim foreslått fjerna.

Til Fossheim knyter deg seg kjente problemstillingar om vern og restaurering av kulturminne, så vel som spørsmål av meir kulturfilosofisk karakter. Debatten i kommunen illustrerte dei utfordringane som fylgjer av eit kulturminneomgrep i stadig endring. På langt nær alle meinte Fossheim var å sjå på som eit kulturminne. Dei færraste såg verdien av eit sveitsarhus på kommunesenteret Bruflat. Ikkje passa det inn heller, korkje i form eller farge, var omkvedet frå dei fleste. Var sveitsarstilen enno ikkje stoverein som kulturminne? Yngre kulturminne generelt og Fossheim spesielt illustrerer korleis objekt, i gråsonene til ein kulturminnestatus, aktualiserer spørsmål om definisjon og innhald til eit kulturminneomgrep.

Iveren etter å rive eller å endre er ein stadig trussel for objekt frå 18- og 1900-talet. Yngre hus er meir utsette for riving enn eldre hus, og arbeidet for vern av desse synest framleis vanskeleg. Særleg i dei tilfelle der hus ikkje lenger er funksjonelle, har samfunnsnytte, symbolverdi, eller blir oppfatta som særleg vakre av allmenta.

Synfaring 17. mars 2005
I samband med varsel om oppstart av reguleringsplan for riksveg 33 Høljarast – Bergli, gjennomførte Oppland fylkeskommune ei synfaring til det aktuelle området. I rapporten frå fylkeskommunen heiter det at Fossheim er ein toetasjes reisverkskonstruksjon, bygd på 1890-talet. Mot vegen er det glasveranda med fint utforma bogevindauge og dekor i sveitsarstil. I kjellaren har det vore smie og bakeri, og bakaromnen er framleis intakt. Dei fleste materiala er frå tida då huset vart bygd. Eksteriøret er lite endra og tilstanden på bygningen er god.

I fyrste etasje er det fire kvadratiske, like store rom, to mot nord og to mot sør. Her legg ein merke til fine detaljar som profilerte omnsnisjar, originale hengslar, klinker og beslag, profilert listverk og utsøkt ådring. Mellom desse romma finn ein trappehallen mot aust og eit mindre kjøken mot vest. Fossheim har ein representativ karakter, med trappehallen som det mest utsøkte av romma. Slike trapper låg til vanleg i vinkel og fylgde veggflatene opp i andre etasje. På Fossheim vender trappa vekk frå andre veggflate og held fram, svevande midt rommet, i ein tredje vinkel opp til loftsetasjen. Slik får trappekonstruksjonen ein utradisjonell, tredimensjonal karakter. 

Om lag alle glasa i fyrste etasje og i loftsetasjen er tradisjonelle krysspostglas med tre rammer i breidda. Tre rammer i breidda også i kjellarglasa, men her berre i ei høgd.  Sidan synfaringa i 2005 har det oppstått skader på grunnmuren i nordaust, og det er påvist mindre råteskadar rundt pipa i sør.
 
Losji og handelsverksemd
Sveitsarhuset Fossheim er knytt til handelsverksemda på plassen Trondhjem (gnr. 128, bnr. 6, husmannsplass under garden Nørre Madslangrud, gnr. 128, bnr. 1). Trond Eriksen (1836–1919), gm Siri Olsdatter Byfelie (1839–1921), rydda plassen i 1860-åra og kalla han opp etter seg sjølv. Trondhjem tyder altså heimen til Trond. I 1905 fekk Trond og Siri kjøpe plassen.

Dei fyrste bygningane låg på nedsida av noverande riksveg.  Her starta Trond og Siri privat innlosjering og etter kvart leigde dei ut rom til posthus og telefonsentral. Handelsverksemd på Trondhjem må sjåast i samanheng med omlegginga av vegen gjennom Etnedal i 1860-åra. Den nye vegen gjekk frå Høljarast til Tobakko og erstatta Den Bergenske Kongevegen frå 1790-åra. Den nye traseen fekk namnet Tonsåssjaséen og er om lag identisk med vegen som går over Tonsåsen i dag. 

Harald Hvattum skriv i Gard og bygd i Etnedal, band C, at eit nytt hus vart bygd på oversida av noverande riksveg rundt hundreårskiftet. I denne bygningen hadde Trond Eriksen fargeri  i kjellaren, og her leigde han ut rom til eit bakeri. Bygningen vart elles nytta til innlosjering. Bygningen (Fossheim) vart skylddelt undå i 1922, og seld til Kristine og Erik Myhre i 1931. Fossheim har vore på sal ein rekke gonger. I 2006 overtok Statens Vegvesen huset.

Fossheim – hus i sveitsarstil
Sveitsarstilen er ikkje berre døme på ei spesifikk bustadtype i byggjeskikk- og stilhistoria vår. Sveitsarstilen er særleg knytt til dei omfattande samfunnsendringane i Noreg frå midten av 1800-talet. Industrialiseringa og moderniseringa fekk store konsekvensar for bustadbygginga i perioden og gjennom sveitserstilen kom dette til uttrykk med eit gjennomgripande estetisk og sosialt program, nye byggeteknikkar og eit nytt syn på materiala. Sveitsarstilen handlar altså ikkje berre om takformer, sjablongar og dekorative element, men like mykje om haldningar til kropp, helse og funksjonalitet. Sveitsarhusa er gode tidsbilete på ein moderniseringsprosess, på etableringa av nye næringar, og på brotet med det før-industrielle landbruket og ein førindustriell byggjeskikk. 

Rettleiingsbøker i bustadbygging
Rettleiingsbøker  i bustadbygging frå 1800-talet gjev greie for estetikk og sosialt program ved den nye stilen. Estetikken blir forstått ut av praktiske og funksjonelle årsaker og med konsekvensar for grunnplan, form og dekorasjon.

Høge kjellarar var viktig for at opphaldsromma i fyrste etasje skulle vera turre og mindre utsette for råte. Samtidig gav dette romslege og praktiske bryggerrom, baksterom og lagerrom for mat, om lag slik vi kjenner det frå Fossheim. Husa fekk ein høgreist og vertikal karakter, med klåre referansar til gotisk arkitektur. Dette var kostbart og gav status. Høge krysspostvindauge understreka også slektskapen til den gotiske arkitekturen og dei understreka gotikkens vilje til oppløysing av veggflatene.

Material
Arkitektane meinte det var viktig å ta utgangspunkt i dei ibuande eigenskapane i det enkelte material. Hoggen stein skulle ein ikkje pusse. På Fossheim er det hoggen stein i kjellarmurane, og denne er truleg hoggen i samband med utbygginga av Tonsåssjaseen i 1860-åra. Tak- og bærekonstruksjonane skulle koma til syne, og på Fossheim kjem dette fint fram  med synlege sperrer og åsar. 

Dekor
Dekoren skulle understreke konstruksjonen. Dette vart framstilt som avfasing av bjelkar og stolper, og utsmykking av utstikkande sperrer og bjelkar. Dekoren skulle fylle ut deler av konstruksjonen. Døme på dette var utsaga flatedekor i gavlane og verandaene. Den sjablongmessige repetisjonen på Fossheim finn ein både i vindskier og på verandadekor. Innvendig dekor er avgrensa til profilert listverk i tak og rundt dører og glas. Treimitasjon eller ådring var vanleg i perioden 1830–1910. På Fossheim er det ådring i listverk, på dører, vegger og trapp i fyrste etasje. 

Rasjonalisert byggeprosess
Det er ein samanheng mellom sveitserstilen og veksten i industrialiseringa på 1800-talet. Trelastindustrien leverte ein mengde material som vi i dag forbitt med sveitsarstilen. Ferdighøvla panel og listverk, og ferdigproduserte dører og glas, til dømes. Frå 1860-åra vart dei fleste sveitsarhusa til i kombinasjon mellom halvfabrikata og lokale byggetradisjonar på staden. Bindingsverkskonstruksjonen, slik vi kjenner den frå verandaen og bislag, var typisk for sveitsarstilen. Laft som kjerne for nybygde sveitsarhus var likevel mest vanleg til langt ut på 1900-talet.

Arkitektur eller byggjeskikk?
Sveitserstilen vart skapt på teiknebrettet av norske og utanlandske arkitektar. Mot slutten av perioden fekk byggjestilen sterkare fotfeste i den folkelege byggjeskikken. Konsekvensane vart større individuelle variasjonar og flytande overgangar mellom eldre, lokal byggjeskikk og tilpassing til estetikken i dei moderne sveitsarhusa. Fossheim er truleg blitt til i kombinasjon av desse ulike faktorane. Truleg har både arkitekt, byggmeister og huseigar hatt ein finger med i spelet. Materiala er både importert halvfabrikat og trearbeid tufta på lokale handverkstradisjonar.

Sveitsarstilen og byggjeskikken
Etnolog Arne Lie Christensen har drøfta problemstillingar knytt til byggjeskikkomgrepet. Han tek fyrst og fremst livet av førestellinga om byggjeskikken som statisk og uendra. Byggjeskikk er ein kontinuerlig prosess, og syner særlig til ein premiss for det, viljen til endring. Ikkje minst legg han vekt på det folklege ynsket om endring, som ein viktig historisk realitet. Slik kjem byggjeskikkmangfaldet til å variere frå tid til tid, og frå stad til stad.

Sveitsarstilen er i seg sjølv eit godt døme på dette ynsket om endring. Christensen har studert framveksten av sveitsarstilen frå midten av 1800-talet, og gjenfødinga av ny-sveitsarstilen på 1980-talet. Han ser framveksten av sveitsarstilen i samanheng med moderniseringa av landet i førre hundreår. Sveitsarstilen var eit estetisk brot med den før-industrielle byggjeskikken, og kom parallelt med store sosiale, økonomiske og tekniske endringar i landet. Stilen vart eit symbol på den nye tida. Men sveitsarstilen vart fort utskjelt. Frå 1900 og heilt fram til 1970-talet vart stilen oppfatta som mindreverdig, unorsk og i brot med dei norske tradisjonane.

I vår tid har det derimot skjedd ei omskaping. No vankar honnørord som tradisjon og byggjeskikk om stilen som for hundre år sidan representerte det definitive brotet med før-industriell bustadbygging i Noreg. Sveitsarstilen er derfor døme på at tid og rom er avgjerande dimensjonar for om og når ein definerer hus innafor eit byggjeskikkomgrep.

Kjelder:
Bråten, Ole Aastad 2006: Eit hus skal byggjast på Valdres Folkemuseum – debatt om nybygg på Valdres Folkemuseum (1999–2004). Fagernes.

Brænne, Jon 1998: Dekorasjonsmaling. Teknologisk forlag. Oslo.

Brænne, Jon, Drange, Tore og Aanensen, Hans Olaf 1980: Gamle trehus – reparasjon og vedlikehold. Universitetsforlaget. Oslo

Christensen, Arne Lie 1994: ”Sveitserstilens hemmelighet – omkring en stil og dens forvandling.” I: Fortidsminneforeningen. Særtrykk. Oslo.

Dietrichson, Ragnhild 1995: Gamal byggjeskikk i Etnedal. Valdres Folkemuseum og Etnedal kommune. Fagernes.

Gudheim, Helge 2005: ”Fylket protesterer på riving av verneverdig hus”. I avisa Valdres. Fagernes. 

Gudheim, Helge 2005: ”Strid om sveitserhus – kommunestyret utsette saka”. I: avisa Valdres. Fagernes. 

Hvattum, Harald 1990: Gard og bygd i Etnedal, band c. Etnedal kommune, Valdres Bygdeboks forlag. Fagernes.

Mære, Kjell 2008: ”Ettertraktet villa som ingen vil ha.” I: avisa Valdres. Fagernes.

15. mars-26. april kl. 18:00-21:00VF: Kurs i treskjering, akantus25. april kl. 19:00VF: Vandreforedrag: Tre i bruk