Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Fiskesløa i Seksisbekken 

    

Hausten 2008 sette Valdres historielag og Valdresmusea i gang eit uvanleg rekonstruksjonsarbeid – av ei gamal fiskesløe i Seksisbekken i Vang. Initiativtakar var Ingvar Robøle, og arbeidet har vore leia av Nils J. Lykken og Valdresmusea. Det har vore fleire fiskesløer i Seksisbekken, og i gamle dagar høyrde desse til Raufjordheim og garden Sørre Lykken.

Turisme og reiseliv var veksande næringar på slutten av 1800-talet. I Valdres vart dette forsterka ved utbygging av nye vegar i fjellet, les meir om dette i artikkelen om steinbryggja ved Bygdin austende. I 1897 sette vangsgjeldingen Kristoffer Dæhli (1864–1952) opp turisthotellet Bygdisheim ved Bygdin. Det var han som bygde opp att dei gamle fiskesløene ved Seksisbekken, og sidan den tid har sløene tilhøyrd eigarane av Bygdisheim. 

Sløe – gamal fiskereiskap
Den eldste fiskereiskapen vi kjenner til er truleg sløe, skriv folkeminnegranskaren Knut Hermundstad i Valdres Bygdebok, band 5, fyrste del. Fiskesløa la dei ned i ein bekk eller ei elv, der det var høveleg straum. Her laga fiskaren ein slødam med to skråstilte fangarmar, gjenge- eller bægjemurar, som dei sa. Desse leidde vatnet mot det strypet der sløa låg. Øvst var det i sløa lagt ned eit golv med spjelkar eller sløstaurar, som gjekk ned mot sjølve sløa. Dette golvet låg klemt mot elvebotnen, så ikkje fisken kunne smette under eller på sidene. Vatnet rann no frå slødammen og over sløstaurane, der det meste av vatnet rann ned og selda fisken i frå. Så sprela fisken ned etter sløstaurane og ned i sløkassa, som delvis stod i vatn.   

Fiskesløa i Seksisbekken vart lafta opp heime hjå Nils J. Lykken og frakta med båt over Bygdisvatnet. Frå Bygdin vart ho boren om lag 200 meter opp i Seksisbekken. Sløa er sett opp av fire grunnstokkar, to i kvar høgd, på kvar side av sløstaurane. Sløstaurane kviler på enkle munnstokkar. Sløkassa er sett saman av dei fire grunnstokkane, i tillegg til to enkle laftekvarv under desse att. 

Fisket i Valdres
Knut Hermundstad skriv vidare om fisket i Valdres, at det sidan stein- og bronsealderen, og saman med veiding, vart rekna som ein av dei viktigaste næringsvegane i Valdres. Funnplassar frå desse tider, særleg frå steinalderen, ligg svært ofte der det var gode fiskevatn.

Gjennom heile mellomalderen, og på 15-, 16- og 1700-talet er fisket rekna for ein av dei viktigaste næringsvegane for Valdresbøndene. Når ein likevel finn få skriftlege kjelder om denne næringsvegen, er det to grunnar for det, seier Hermundstad: Bøndene som åtte fiskerettane var redde skatten og gav opp minst mogleg av fisket. Og så var dei redde tevling med andre fiskarar. Dette var ein almen regel for alt fiske i alle bygder. I Valdres matrikkel for 1663 er det til dømes ingen i Vang som er oppførte med at dei har innkome av fisket.  

På 1800-talet, då turistferdsla tok til, vart det endå meir verdifullt å ha godt fiske. Hotell og pensjonat nytta ei mengd fisk i det daglege hushaldet, og framleis er det god skikk å servere fjellaure frå Valdresfjella.   

Kjelder
Hermundstad, Knut 1964: Valdres Bygdebok, band 5, fyrste del.

Robøle, Ingvar 2009: Oldebarn av Kristoffer Dæhli (1864–1952).

Lykken, Nils J. 2009: Eigar av garden Sørre Lykken.

 

 

30. mai kl. 17:00-19:00VF: Vaskedugnad10. juni kl. 12:00-16:00BB: Familiedag