Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Steinbrygge ved Bygdin 

     

Den som kom vassvegen til Bygdin i gamle dagar kunne ikkje unngå å leggje merke til den store steinbryggja ved Fagerstrand, vest for Bygdin hotell. Her har båtane Bygdin, Kong Haakon og Bitihorn lege til kai, og desse har frakta menneske og varer over Bygdin til Bygdisheim, Torfinsbu og Eidsbugarden. Det er over 70 år sidan bryggja gjekk ut av bruk, og sidan den tid har vær, vind og vassreguleringa frå 1936 sett øydeleggjande spor på bryggja. Våren 2009 set Vang historielag og Valdres historielag i gang ei omfattande restaurering av bryggja. Arbeidet blir støtta av Valdres Natur- og Kulturpark, Norsk Kulturminnefond, Vang kommune, Glommen & Laagen brukseierforening og Valdresmusea.

Riksveg 51 gjennom Øystre Slidre 
Bryggja ved Bygdin austende vart bygd i åra 1898–1899, som endepunkt i framføringa av riksveg 51 gjennom Øystre Slidre. Vegbygging i fjellet på slutten av 1800-talet representerer eit tidsskilje i norsk veghistorie. Vegbygging i fjellet hadde gått føre seg på 17- og 1800-talet òg, men den gongen var det berre for å få fram hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet. Den aukande turisttrafikken var den viktigaste årsaka til vegbygging i fjellet på slutten av 1800-talet, men vegane vart naturleg nok også nytta av dei som støla i fjellet.

Forkjempar for vegbygging i Øystre Slidre, O. K. Alfstad (1846–1918), skriv i artikkelen Motorbaate paa Bygdin og Tyin, om framføringa av vegen til Bygdin i 1897. Alfstad var skysstasjonsmann, bonde på Skammestein og ivrig oppteken av alle slags vegspørsmål. Ein skikkeleg veg over Valdresflya var den store hjartesaka hans. Kampen for veg til Bygdin og vidare over Valdresflya, kom òg på bakgrunn av ynsket om å etablere båtsamband mellom Bygdin og Eidsbugarden.

Det var Stortinget som gav pengar til ferdigstilling av traseen fram til Bygdin. Brua kosta 17 900 kroner, medan bryggja kosta 1 300 kroner. ”Chauseen” som dei kalla han, vart dermed forlenga med om lag 500 meter.

Kulturhistorisk verdi

Bryggja ved Bygdin austende har stor kulturhistorisk verdi og fortel om samfunnsformer, samferdsle- og reiselivshistorie frå ei tid som ikkje lenger finst. I føresegnene for den kommunale reguleringsplanen for Bygdin heiter det at den gamle bryggja og området rundt denne skal haldast i stand som eit kulturminne.

Bryggja blir sett i stand

Bryggja ved Bygdin austende er reist i lokal, tilhogd gråstein. Dei totale måla er 4 x 30 meter. Det er det fremste partiet, 4 x 10 meter som no skal setjast i stand. Ved befaring 3. juli i 2008 vart det konstatert store skader som følgje av bølgjeslag og varierande vasstand. Sandgrunnen under bryggja har sige og dette har ført til utgliding av stein og masse.

Til sumaren startar altså ei omfattande restaurering av bryggja. Det er Valdres historielag og Vang historielag som skal leie arbeidet. Det ytste, utrasa partiet, samt dei delane som er råka av setningsskadar i grunnen, blir take ned. Steinane merkast og setjast til side. Grunnen under denne delen av bryggja gravast ut, og erstattast av ein 96 m2 stor sole av grov kult. Solen dekkast til med grus. Sidan setjast opp att på same staden. Den stadeigne, utrasa massen skal brukast til å dekke over fargeforskjellar i fundamentet. Arbeidet utførast med gravemaskin og handmuring, innleidde tenester og frivillig innsats.

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas