Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no

Valdresmusea

Valdresmusea AS vart stifta i 2006 og er den konsoliderte driftsorganisasjonen for Stiftelsen Bautahaugen Samlinger, Stiftelsen Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum AS.

I 2008 vart det inngått partnarskapsavtale med Stiftinga Gardbergfeltet og Oppland fylkeskommune om drift og fagleg utvikling av Gardbergfeltet. Valdresmusea overtok frå 1.1.2008 drifta av Bunad- og folkedraktrådet. Drifta er regulert gjennom ein eigen samarbeidsavtale med Kultur- og kyrkjedepartementet.

Ved dei to avdelingane i Sør-Aurdal er det aktive eigarorganisasjonar, ved Valdres Folkemuseum er det eit passivt styre. Ved avdelingane er det venelag som er med og organiserer den friviljuge verksemda. Bunad- og folkedraktrådet har eit statleg oppnemnd fagråd.

Formålet for Valdresmusea er å drive kulturhistorisk bevaring, formidling og forsking, særleg knytt til den lokale kulturarven. Det internasjonale museumsforbundets formålsparagraf skal ligge til grunn. Valdresmusea skal drive sal av produkt og tenester, samt utøve aktivitet som er i samsvar med hovudformålet. Selskapet skal vera ein aktiv partnar i den regionale utviklinga av reiselivet i Valdres.

Valdresmusea AS har 24 fast tilsette. Valdresmusea AS har dotteselskapet Isfolket AS.

Styre

I styret for Valdresmusea sit Øivind Langseth styreleiar, Berit Bagn Thorsrud, styremedlem, Øyvind Dahle, styremedlem, Bente Dalåker, styremedlem, Rønnaug Sørlie, styremedlem, Anne Kristin Moe, styremedlem (representant for dei tilsette), Kristian Bergsund, styremedlem, varamedlemmar er Bente Lindahl (møtande varamedlem), Tor Berge, Kari Wold og Ole Aastad Bråten (for Anne Kristin Moe). Revisor er Magne Ruud.

 

1. sep.-4. sep. kl. 10.00-16.00Jerndagar på Valdres Folkemuseum 4. september kl. 10.00-16.00Landbruksdagen