Hopp til hovudinnhald

Gunnar Rørhus

Utstilling på Valdres Folkemuseum

Skulptur av Gunnar Rørhus

Valdres Folkemuseum har mykje materiale etter kunstnaren Gunnar Rørhus, mellom anna arkivmateriale og ei stor samling av måleri og skulpturar. No har museet laga ei utstilling som står plassert på galleriet i velkomstbygget. 

Utstillinga på Valdres Folkemuseum rommar arkivmateriale, skisser og forarbeid til kunstverk. Mange av objekta er avstøypingar av skulpturar som fyrst er modellert i leire og sidan støypt i gips, slik at gipsfiguren kan gi form til ei vidare støyping i metall. Andre objekt er skisser og forslag til verk som seinare er realisert i andre materiale og større dimensjonar. Kunstverka i utstillinga viser særleg mange estetiske, uttrykksfulle og humoristiske figurar.

Utstillinga står på galleriet i velkomstbygget og opna i juli 2023.

Om kunstnaren

Kunstnaren Gunnar Rørhus (1909–1986) vaks opp i Valdres. Tidleg i barneåra vart interessa vekt for teikning og kunst. Det tok likevel lang tid før han gjekk motstraums og klarte å følgje den indre trongen til å bli kunstnar. I siste halvdelen av livet var Rørhus ein produktiv kunstnar, og han var særleg dedikert til skulpturarbeidet.

Rørhus sin kunst finn i vi heimar i og utanfor Valdres. Men den har òg vore del av den offentlege utsmykkinga, og vi finn han som kunstverk i kyrkjene og som minnes-monument på offentlege plassar. Til dømes har han laga minnesmerka over spelemenna Jørn Hilme og Olav Moe, og portrettbystane av Erling Stordahl, Mikkel Fønhus, Knut Hauge og Olav T. Beito.

Eg har alltid vore nær knytt til form. Skulptur er ei uttrykksform som er noko for seg sjølv. Det er ein stille kunstart, som skapar atmosfære i rom og terreng. Skulpturen er ei motsetning til måleriet, som kling ut med fargane sine. Fargane skapar tone og fest, mens skulpturen kan ein føle på – ein kjenner liksom livet inne i den.

Gunnar Rørhus
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1