Fullt hus på husflidskveld
Publisert 02/05/2012
Over femti glade tilhøyrarar fekk sjå og høyre om den fantastiske billedvevkunsten, under husflidskvelden på Valdres Folkemuseum onsdag 2. mai. Dessutan fekk dei omvising i tekstilutstillinga, og eit inspirerande møte med Brita Rusten Åmot, husflidskonsulenten i Oppland. No håpar husflidslaga i Valdres å få til UNG HUSFLID på Valdres Folkemuseum i 2013, etter mal frå eit vellukka rekrutteringstiltak på Maihaugen på Lillehammer.
Meld deg på handverkskurs
Publisert 30/04/2012
Valdresmusea, Vernvøla og Valdres Natur- og Kulturpark inviterer huseigarar, handverkarar, kulturvernarbeidarar og andre interesserte til kurs i restaurering og eldre handverksteknikkar. På kursa kan du mellom anna lære korleis du skal restaurere gamal måling, skifte rotne laftestokkar, tekke taket med skifer og setja i stand gamle piper. Sjå vedlagte pdf for oversikt over kursserien.
Husflidskveld på Valdres Folkemuseum
Publisert 17/04/2012
Valdresmusea og Nord-Aurdal Husflidslag ynskjer alle interesserte velkomen til hyggekveld på Valdres Folkemuseum, onsdag 2. mai klokka 19.00. Frå Lillehammer kjem husflidskonsulenten i Oppland, Brita Rusten Åmot. Ho vil vise fram bilete og fortelje korleis dei har organisert ”Ung husflid” på Maihaugen, husflidstiltak for barn og unge. Vidare blir det omvising i utstillingane og framvising av gamle bunadlommer og billedvevteppe. Servering av kaffi og kake.