Bautahaugen samlinger
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Samlingane

Bautahaugen vart grunnlagt i 1902, og var i si tid den gamle danseplassen i Hedalen. Det tok lang tid før det fyrste huset kom opp. Elling Goplerud skreiv i ”Folkebladet” (Minnesota, USA) 7. juni i 1906 at […hedølerne har tenkt at faa kjøbt en Stue og et Stabbur som er nogle hundrede Aar gamle, og faa sat ved Bautahaugen og oprettet et Museum for Hedalen, men mangler penger dertil saa det blir ikke med det første…].

Heile 50 år etter etableringa av museet kom fyrste bygningen opp. I 1952 vart stabburet frå Jørgensplassen flytt til Bautahaugen. Jørgensplassen var husmannsplass under garden Åmsrud og vart rydda tidleg på 1700-talet. Stabburet er derimot eldre, frå 1600-talet. Fire år seinare, i 1954, vart Liestuggua sett opp på Bautahaugen. Liestuggua var gardshuset på Midt-Lie og er om lag 250 år gamalt. Med huset fylgde to store skåp, benk, bord og peis.

I dag er det 15 bygningar og 2 500 enkeltgjenstandar inne på museumsområdet. Stabbur, låve, løer, fiskebu, seterbygning, kyrfjøs, geitefjøs, båthus og årestove frå Hedalen og sidedalføret Vassfaret har kome til gjennom heile perioden. På museumsområdet finn ein også småbruket Brakadokka, ei gamal krambu frå 1870. I 2001 overtok Bautahaugen gardsbruket Bergsrud med innbu og lausøyre, seter, hytte og båtnaust.    

 

7. desember kl. 17:30VF: Handverkaren - utstillingsopningen11. april kl. VF: Konsert med Holthe og Aspaas