Bagn Bygdesamling
Valdresmusea AS
Tyinvegen 27, 2900 Fagernes
Telefon (+47) 61 35 99 00
E-mail: info@valdres.museum.no



Dølven skule

  Dølven skule 

I 1966 fekk Bagn Bygdesamling gamle Dølven skule i gåve frå Sør-Aurdal kommune. Det vart eit verdfullt tilskot til samlinga. I fyrste høgda er det samla skulemateriell frå tida då det var omgangsskule og heilt fram til sentraliseringa i 1966. Tinga er frå fleire skular i Sør-Aurdal og gjev eit bilete av utviklinga innan skuleverket gjennom meir enn hundre år. Skulemuseet vert brukt av skuleelevar på barnetrinnet.

Lærarbustaden i andre høgda står slik som då den siste læraren, Ingvar Koppervik som virka ved skulen i 42 år, flytte frå han. Etterkomarane til Ingvar ga alle eignelutar etter far sin til bygdesamlinga, mot at alt skulle stå urørt. Leikeplassen ligg framleis attmed skulen og utedoane står der dei alltid har gjort. Alt dette gjev barn og ungdom eit levande bilete av korleis skuletida til besteforeldre-generasjonen var.

23. juni kl. 18:00BS: Sankthansvandring langs natur- og kulturstien i Hedalen23. juni kl. 18:00VF: Konsert i amfiet under Valdres Sommersymfoni